Bli ein mester

Indre Nordmøre Opplæringskontor ønsker saman med Folkeuniversitetet gje deg som har fagbrev muligheit til å gå vidare og ta mesterbrev lokalt, fortel dagleg leiar Marit Drøpping.

Marit Drøpping mesterbrev_690x513.jpg

- Vi arbeider no for å få lagt ein mesterklasse til området vårt i samarbeid med Folkeuniversitetet, seier Drøpping. Dette er ein viktig kompetanse for bedriftene og for dei fagutdanna som ønsker seg eit steg vidare. Med mesterbrev kan du starte for deg sjølv eller få ledarstilling.

Mesterbrev.pngMed mesterbrev får du rett til å bruke mestertittelen og mestermerket (t.v.) i markedsføringa av firmaet ditt.

Aktuelle fag for mesterbrevutdanning her kan vere bilfag, matfag, byggfag eller estetiske fa (frisøf m.fl.).

Første året er felles for alle fag, og undervisninga vil foregå lokalt som klasseromsundervisning.

Marit Drøpping ved Indre Nordmøre Opplæringskontor arbeider med finansiering og samarbeidspartnarar for oppstart i september 2016, og legg til at det alt er fleire som har meldt seg.

Mesterbrevutdanning er eit to-årig studieløp og kan gjennomførast ved sidan av arbeid. Det blir lagt opp til ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudier og/eller nettstudier. Første året er hovudemnet Bedriftsleiing, og andre året har Fagleg leiing som hovudtema. Sjå skissa nedafor:

Mesterbrev 20160413_690x742.jpg

Tykkjer du dette ser interessant ut, så ta kontakt med Marit Drøpping på Opplæringskontoret for indre Nordmøre for nærare opplysningar, - telefon 905 18 210 eller epost marit@inmo.no.

logo.png