Salmer til alle tider
Bli kjent i den nye salmeboka
Torsdag 25. september kl.18.30 møtast vi i kyrkjelydshuset på Skei. Vi vil fortsetje med å bla i den nye salmeboka og synge gjennom nye og gamle salmar. Vi vil denne hausten ta for oss enkelte kapittel som naturleg høyrer heime i den årstida vi er i.
Søndagane framover har vi hausttakkefest rundt om i kyrkjene våre og vi vil difor syngje songar som er knytt opp til skaparverket. Kantor Oddveig Helset Halle og sokneprest Vidar Rygh ynskjer velkomne til ein inspirerande kveldstime der vi syng i lag.
Kyrkjekontoret i Surnadal