
Om Surnadal: Barn og familie og Helse og omsorg
Bli kjent på Trollheimsporten 21
Under Om Surnadal på den raude menylinja (til høyre for Hovedside og Om Rindal) finner du Barn og familie og Helse og omsorg, når serien Bli kjent på Trollheimsporten fortsetter med del 21. Her finner du alt om barnehager, skoler og SFO - legevakt, institusjonene, heimetjenesta og bo- og aktivitetstjenesta i Surnadal:
Barnehagar og skular
Barnehagar
Barnehagane gir eit pedagogisk tilbod for born under opplæringspliktig alder.
Barnehagen blir drive i samsvar med bestemmelsane i barnehageloven, sentrale forskrifter og vedtektene for barnehagane i Surnadal.
Born som i medhald av Lov om barnehagar § 12a har rett til plass i barnehage: Born som fyller etter år innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august i samsvar med denne lova med forskrifter.
Alt om barnehagane i Surnadal her - kontaktpersonar - søknad om plass - informasjon - dokument og diverse.
Skule og SFO
Surnadal kommune har 7 skular. Av desse har 6 skular elevar på 1.- 7. trinn, 1 skule er ein fulldelt barneskule og 1 er ein rein ungdomsskule.
Alt om skule og SFO her på heimesidene til Surnadal kommune. Der finn du link til grunnskulane og andre skular.
Blant desse er Kulturskolen på Indre Nordmøre - Surnadal vidaregåande skule og Nordmøre Folkehøgskule - alle med i Trollheimsporten - bli med! Alle som er med her!
Her finn du alt om ferie og fridagar i skular og barnehagar - helsestasjon og meir om barn og familie på heimesidene til Surnadal kommune.
Institusjonane
Institusjonane i Surnadal kommune består av sjukeheimen (over til høyre) som ligg på Skei og Stangvik aldersheim.
Sjukeheimen vart offisielt åpna 16.10.97 og det var eit flott bygg som kommunen kunne tilby sine brukarar og tilsette. I 2006 opna sjukeheimen ei ny skjerma eining. Den nye delen av sjukeheimen har 32 store, fine lyse pasientrom med eige bad. Vi har og store og fine fellesrom som blant anna spisestuer på kvar post, arbeidstue, peisestue og kantine. Stangvik aldersheim med 15 bebuarrom vart åpna i 1986 og ligg idyllisk til ved Stangvikfjorden.
Under institusjonene i Surnadal: