
Dialekt - sjå alle artiklene i vårt dialektmagasin
Bli kjent på Trollheimsporten 8
Når du er på Hovedsida på den raude menylinja, åpningssida for Trollheimsporten, finner du til høyre for Velkommen, På Porten, Rindalsnytt, Surnadalsnytt, Turist, Hyttetunet, Trimløyper, Roteloftet og Gratulasjoner (heilt til høyre) på den grå menylinja. Videre finner du Dialekt når Trollheimsporten fortsetter serien Bli kjent på Trollheimsporten med disse valgene hver enkelt kan gjøre.
Trollheimsporten startar i dag ei dialektside, der vi ønsker innspel frå lesarane. Både surnadalsdialekta og rindalsdialekta utvatnast og mykje har kome bort i begge dialektane. Vi tek utgangspunkt i "gamle" Trollheimsporten, der ei lang rekkje artiklar frå januar 2008 og framover var lagt ut. I tillegg er ordliste over surnadalsmålet utgangspunkt.
Slik vart første artikkel under Dialekt innleia 15. juli 2010 - og det fortsette slik:
"Gamle" Trollheimsporten hadde ei rekkje artiklar og om ord og uttrykk frå rindalsdialekta frå januar 2008 og framover. Dette stoffet vil vi legge inn på nye Trollheimsporten litt etter kvart. Du finn den nye dialektsida til Trollheimsporten under Hovedsida og Dialekt på den grå menylinja.
Sverre Hatle i Surnadal Heimbygdlag har hatt ansvaret for Ordliste over surnadalsmålet under Kultur på heimesidene til Surnadal kommune. Surnadalsmålet har vore eit prosjekt og slik innleier Sverre Hatle om dette:
Dette stoffet har no lege ute på nettet i over eit år og vart sist oppdatert i september i fjor. Heile tida har det vore arbeidd med retting, redigering, utviding og tillegg. Vi har hatt stor nytte av dei innspela vi har fått frå interesserte bygdefolk, men skulle gjerne sett at "medarbeidarane " var enda fleire. Ved første augekast verkar ikkje forandringane så store, men vi har lagt til ein god del stoff og saumfare det som var inne frå før, og har prøvd å reinske ut feil så godt vi har kunna. No ser vi på dette som eit ordbokmanuskript.
Det ligg mykje stoff om ordlista over surnadalsmålet her - det er berre å klikke seg fram.
Den siste artikkelen på Dialekt er fra september 2011 og i den er det Ragnhild Stavne bolme som filosoferer. Slik blir den innleia:
Mange dialektord og -uttrykk forsvinn etter kvart. Ein del av desse er knytte til gamle bruks- og arbeidsmåtar frå ei anna tid,- som er gått ut av bruk og som vi ikkje treng lenger. Ragnhild Stavne Bolme filosoferer her over ein del slike ord og uttrykk knytte til klede og påkledning. Det er vel ikkje mange av oss som bruker desse orda lenger. Men veit vi kva dei tyder? Klikk her og les heile artikkelen!
Har du innspel eller kommentarar til dette er det berre å kome med nytt omkring surnadalsmålet eller rindalsmålet på Trollheimsporten - bruk redaktor@trollheimsporten.no.
Neste gong skal vi sjå på den siste knappen på den grå menylinja under Hovedsida: Kontakt TP i serien Bli kjent på Trollheimsporten!