Bøfjordingar: No startar framtida!
Bøfjordingar: No startar framtida!
Valentinsdagen 14. februar 2013 - vart ein mørk dato for bygda vår. I vemod og avmakt opplevde vi det vi hadde frykta: Skulen vår vart lagt ned. Ein samanhengande kulturperiode på mesta 300 år er over – frå da John Skolemester samla dei første elevane til katekisme og livsens lærdom , via skiftande tider med opptil 3 samtidige skulehus, med liv og leik, blekkflekker og formskrift, wikipedia og hender i veret - til nøkkelen no er vridd om for godt.
Men: Dagen etter – fredag 15. - var også første dagen i ei ny framtid! Som nabo Karl seier – og han veit kva han talar om: - Det e flær’ daga austafor! No ristar vi pessimismen av oss og ser framover. Sola stig, våren og sommaren nærmar seg – og snart (etter mange års opphald) er det igjen fotballkampar på Leikarvollen!
Vi skal vise at Bøfjorden – bygda i sentrum av Nordmøre – er liv laga! Her har vi den flottaste natur nokon kan tenkje seg, med fjorden og holmane, fjellet og vidsynet, turløypene og kulturminna. Her har vi ei fortid å vera stolt av. Her har vi ung energi med pågangsmot og innsatsvilje - i gardsdrift og treindustri, i transport og service, i kultur og omsorg. No ser vi stort på det vi eig!
Vi tek vi kvarandre i hendene og dannar ring – om Saga og Samdrifta og Juletrefarmen hans Strømsvåg. Om laga våre – anten det heiter Skyttar-, Idretts-, Bygdekvinne-, Teater-, Historie- eller Samvirkelag. Om barnearbeidet – Røsslyngen 4H, Amigos, Barn i løypa, Juniorskytinga – og barnehagen.
Vi møter opp der det skjer – på Grendahuset og ved Leikarvollen (du, det skal bli artig å rope «Heia Bøfjorden!» igjen – og kjøpe bakels i kiosk-luka!), på Kveldheim, på Sjøbruksmuseet og på Trimtreffa rundt om.
Og vi tek til oss sunnhet og helse og triveleg sambygdkontakt langs trimløyper og landskap – Osen og Skarhaugen, Tunderen og Ryplia, Kalset, Settemsvarden og Svarttjønna. For ikkje å nemne fjella med utsyn frå Romsdalen til Trøndelag – Blåfjellet, Skreå, Bølia, Hjelmen.
Mange finn også trim og trivsel i å ro «Hjelmkonnå». Kyrkjebåten som vi bygde i 2009 – med god hjelp, det skal seiast – er eit prektig farty med mulegheter vi enno kanskje ikkje har nytta fullt. Til sommars skal vi vise fram att båten og historia han representerer og kanskje utvide bruken til å nå fleire. Ein skarproar er han uansett – det har alle konkurrentar fått merke!
Så speedar eller dorgar vi langs ein av Nordmøres flottaste og mest fiskerike fjordar – frå Saksen og Kalsetlandet om Settemsbukta, Sundet og Åsgardfjorden, rundt Geilrompå og Brattkleppen til dei historiske plassane mot Flessastranda. Og etterpå kokar vi småsei til nattmat.
Vi tek godt imot dei mange som besøkjer oss og som likar seg betre her enn nokon annan stad – anten dei livar oppatt gamle hus, byggjer nytt, har hytter langs li og strand, pluggar seg ned på Elvaneset eller fortøyer i Småbåthamna. Og alle dei som møter opp – i lag med oss andre – når det står Bøfjord-arrangement på plakaten: Tilstelningar på Grendahuset, Bøfjord-helg, Syng-med-oss, Blåfjelløp og Åsskardfjorden Rundt, Kveldheim-basar eller søndagstema på Museet. Tilbakemeldingane er eintydige: I Bøfjorden er det triveleg!
Ein av trivselsgrunnane er kanskje dugnadsånda her – som det går ord om i andre bygder. Det er ikkje her dei store offentlege løyvingane hamnar, men nettopp difor er vi ekstra stolte over det vi klarar å få til sjøl!
Og vi gler oss storleg over dei nye og unge som kjem til bygda vår – no er det husbygging på gang. Og - skule eller ei – her veks barnetalet!
Framtida ligg pr definisjon i barna og ungdommen. «Røsslyngen 4h», «Amigos», dansegruppa, arbeidet med skyttartalenta, musikken, idretten og alt som elles blir gjort for dei nye generasjonane, kan ikkje vurderast høgt nok!
Men eit tre som skal vekse seg stort og sterkt, må ha røtene i god jord. Barna og bygda si framtid må ha byggje på kunnskapen om korleis bygda har vakse fram gjennom hundreåra. Difor er det gledeleg å merka den store oppslutninga om kulturminnearbeidet i bygda vår.
Bøfjorden er kjendis-fritt område. Men vi har eit kulturliv som merkast utåbygdes. Vi håpar at den årlege Bøfjord-helga i åra framover skal verdsette både eigne ressursar og samarbeid med andre.
Kulturminne har vi mange av. Dette kan vi godt markedsføre betre – med plakatar og brosjyrer. For eksempel er vi «kystbygda» i Surnadal kommune – med all den sjøfartskultur det inneber.
Vi har fostra kulturberarar på mange felt – spellmenn, målarar, kunsthandverkarar , songarar og skriveføre. Og eitt kulturfenomen er unikt ikkje berre lokalt, men i nasjonalt, ja – makelaust endatil i internasjonal målestokk: Histora om «Mannbjønnen», som herja her i 1770-åra. Skal tru om forbipasserande anar kor spesiell Bjønnastøtta i Haugaskaret er?
Eventyr-skatten vår har vore lite kjend og påakta. Men bygda mellom «Tussan» i nord og «Trollbakken» i sør har ein stor, sjøleigande nedskriven (og enno levande) forteljartradisjon som skal følgje slektene vidare.
Vi bøfjordingar er – som nordmøringar flest – tilbekehaldne med å skryte av kvarandre. Eg kunne ha tenkt meg å nemne skokkvis av personar som skulle hatt ros for mange ting. Men eg vil gje ei rose-helsing til alle dykk barneforeldra som ofra fritid og nattesomn på å kjempe for å bevare skulen. Det har kosta mykje – og vi forstår at nederlaget svir.
Ein person vil eg uansett nemne: Ho Gunhild borti Olastu’n har kjempa for mange bøfjord-saker dei åra ho har vore med i kommunestyret. Lange tørnar har ho rodd i hard motvind. Difor står det ekstra respekt av innsatsen hennar for å berge skulen! Når ho får kvilt seg etter siste «ro-turen», er eg sikker på at ho tek nye tak.
Eg som skriv denne appellen, tykkjer det er godt at Kay Edvin & co bak bofjorden.net er så dyktige til å få bygda vår synleg på nettet! Håpar mange deler postitive tankar om tida som ligg framføre oss!
Eitt skal likevel seiast klårt og greitt: Det er ikkje på grunn av skulesamanslåinga vi reiser oss og ser framover – men på tross av!
Neste år er det 50-årsjubileum for Bø-brua, som på ein fin måte har bunde bygda saman. La oss sørge for at Bøfjorden «under skogkledde lier» blir meir samla enn nokon gong!
Bernt