Bøttknappar og valsneiser
Jostein Dønnem på Honnstad slenger seg med i dialektdansen, han óg - takk for det, Jostein!
- Les med stor interesse sida om Rindalsdialekta. Rett nok er eg surnadaling, så dette innspelet får komme frå sidelinja. (Sjølv om eg er født på den gamle fødestua på Rindal...)
- Les med stor interesse sida om Rindalsdialekta. Rett nok er eg surnadaling, så dette innspelet får komme frå sidelinja. (Sjølv om eg er født på den gamle fødestua på Rindal...)
Eit innspel om "bøttknapp": Slik eg har forstått dette frå gamle folk her, så er "bøttknappen" den knotten som havet/hanken på bøtta var festa i. Men denne låsepinnen som blir nemnt her, har eit eige namn i Surnadal: Det er ei "val-sneis" (uttala med tjukk l, og -snæs). Og unge gutar i oppveksten er bøttknappar, og tilsvarande vart like gamle jenter kalla val-sneiser. Dette er frå midtre Surnadal. Og eg forstår det ikkje slik at dette gjeld berre dei som går til konfirmantførebuing, men gutar og jenter som er i oppveksten, gjerne frå 10-12 år og oppover til 15-16. Dei som går for presten i lag, har ei anna nemning: Geil-kalvar. Er dette kjente uttrykk i Rindal?
Og så var det ganske tidleg i denne spalta, at ordet "frosk-spy" vart nemnt. At det er namnet på egg frå frosken, er eg heilt med på. Men her seier vi "lapp-spy". Vi har nemleg to ord - "lappe" som betyr frosk, og "grov" (uttalast gro-ov, med trykk på andre "o"-en) som betyr ei padde. Er desse nemningane kjent i dyrelivet i Rindal?

.png)