Bohemian Cardigans til Tahitifestivalen
Bohemian Cardigans representerer Vårsøghelga i nysatsinga og opninga til Tahitifestivalen i morgonkveld 26. juni. Vårsøhelga er svært stolt over å ha slike gode ambassadørar frå Vårsøglandet. Bohemian Cardigans vart plukka ut av ein jury med kyndig juryleiar Jostein Ansnes under vårsøghelga sitt arrangement Rocksøg der premien var ein 30 minutters gig på opningsshowet på Tahitifestivalen saman med m.a. Vinni og Sirkus Eliassen. Showet er alkoholfritt og passar svært godt saman med vårsøghelga sin ungdomsprofil. Samarbeidet mellom Vårsøghelga og Tahitifestivalen er nytt av året og vi ønskjer å sjå på mulegheitene til å utvikle samarbeidet ytterlegare til neste år. Vårsøghelga ser positivt på kulturutvekslinga med Tahitifestivalen.