bokbåten_550x400

Besøker Bøfjorden torsdag 9.februar

Bokbåten på vintertur

Det flytande biblioteket er som vanleg fylt med bøker for alle aldersgrupper, og om bord vil publikum få hjelp til å velje bøker, og skolar og barnehagar kan også bestille bokkasser som kan hentast når båten kjem. Klovnen Knut skal underhalde med sitt show "Regnbuens farger".

Klovnen Knut har gjennom åra gitt mange barn i fylket vårt gode opplevingar på Bokbåten, og det er gledeleg å få han med igjen på denne turen. Stykket han har med i år; "I Regnbuens Farger", er fylt av humor, tryll, musikalske sprell og pussige eksperiment. Kvar kjem fargane frå? Korleis får ting farge? Klovnen Knut er utdanna førskolelærar, men jobbar heiltid som klovn/gjøglar og 'tullekunstnar'. Det skriv Møre og Romsdal Fylkekommune på si heimeside. Følg denne linken for meir informasjon. Klikk her for å kome til Bokbåtens heimeside.