Vårsøghelga med Edvard Hoem
Boksøg med publikumsrekord
Det var knytt stor forventning til Edvard Hoem sitt besøk i Stangvik under Vårsøghelga, og den kjente nynorskforfattaren skuffa ikkje. Det vart eit interessant og humoristisk møte, der han fortalte om eigne opplevingar og om nokre av de mest kjende romanfigurane han har skapt.
Svein Sæter leda Boksøg i eit fullsett Bondehus i Stangvik, og han kunne raskt slå fast at det var solid publikumsrekord denne gongen.
Treng å ha noko å gjera
Edvard Hoem har vorte kjent gjennom eit langt forfattarskap, for dikt, oversettingar, romanar og teaterframsyningar, og han har skrive fleire salmar og songar som er tonesett av Henning Sommerro.
Forfattaren er eit takknemlig intervjuobjekt, eit oppkomme av historier og meiningar.
Edvard Hoem er ein travel mann, og fortel at han framleis går på kontoret kvar dag, 7 dagar i veka, sjøl om har fylt 70 i år.
- Det er ein skjebne verre enn døden for meg å ikkje ha noko å gjera, sier han.
I samanheng med det kjem han med eit lite spark til Thon Hotel Surnadal, som har kalla seg diktarhotellet. Sist han var der var skriveborda fjerna frå romma.
- Det er ikkje eit diktarhotell når ein må stå og skrive bøker, seier han med glimt i auge.
Full sal i Bondehuset.
Skriv alt på nynorsk
Språket ligg i botnen for alt han gjer. Hoem skriv konsekvent på nynorsk, og han meiner at det er enklare å skrive på nynorsk i våre dagar enn det var i starten av karrieren hans. Dersom folk vil lese bøkene hans så gjer dei det, og da spelar det inga rolle om det er på nynorsk.
Hoem brukar kløyvd infinitiv, og har fått mange kommentarar på at det er vanskeleg. Sjølv meier han at det ikkje er vanskeleg. Det er knapt meir enn 50 ord ein treng å lære for å bruke dette til vanleg, og det er dersom ein ikkje har kløyvd infinitiv naturleig i dialekta si.
Han understrekar at han meistrar bokmål og. Ein gong fekk han i oppdrag å skrive ei jubileumsbok for Christiania roklubb, og den måtte skrivast på bokmål. Men det var eit unntak, alt anna blir skrive på nynorsk. Han meiner at det er stor tilvekst av diktarar og forfattarar som skriv på nynorsk no, kanskje fleire enn før, sjølv om det blir mindre nynorsk som skulespråk.
Lesarane veit kva som er best
Han vil ikkje uttale seg om kva for ei av bøkene hans som er best, for det er ikkje opp til han, men til kvar enkelt lesar å avgjere,sier han. Og meinigane er delte.
Han vart kjent som forfattar allereide i 1974, da han ga ut boka "Kjærleikens ferjereiser". Sidan har han skreve mange dikt og bøker, og ikkje alt har vore like mykje lese.
Utgjevinga av boka "Mors og fars historie" i 2005 førte med seg ein debatt om tyskertøsene og tyskerungane etter krigen. Hoem har inntrykk av at dette var med å rydde opp litt i dei problema rundt dette temaet.
Faktabasert historie
Så kom "Jordmor på jorda" (2010), om hans eiga tippoldemor, og seinare romanserien "Slåttekar i himmelen" (2014), "Bror din på prærien" (2015), "Land ingen har sett" (2016) og "Liv andre har levd"(2017). Desse bøkene bygger på historier og fakta om hans eiga slekt, der mange utvandra til Amerika.
Det er eit alltid aktuelt tema som kjem opp i boka "Slåttekar i himmelen" - Skal vi bli eller skal vi dra? Det er eit spørsmål dei fleste nok har stilt seg både ein og fleire gonger gjennom livet. Og det er ikkje berre ei norsk spørsmålsstilling, det er minst like aktuelt andre stader i verda i dag. Det er noko som folk kjenner seg att i, og derfor ein viktig grunn til at bøkene har vorte så populære, trur forfattaren sjølv. Han likar best å skrive om det folk kan kjenne seg att i, kvardagen til folk flest.
Edvard Hoem er svært opptatt av å lære mest muleg av det han skriv om. Han veit ikkje alt om slektningane sine fra 1800-talet og framover, så det sier seg sjølv at ein del er oppdikta. Men ved å sette seg best muleg inn i fakta, brev og historier som er nedskreve så kjem han mest muleg nær sanninga. Han har blant anna lese mykje om amerikansk jordbruk, i lokalaviser som vart gjeve ut i nybyggartida. Der diskuterte nybyggarane dei beste måtane å drive jordbruk på, og det kom fram mange detaljar om dagleglivet elles og.
Det er ikkje slik at det er Hoem si eiga slektshistorie som er interessant for folk flest, meiner han. Men det er eit påskot til å skrive om korleis livet var for folk flest på den tida.
Han les høgt eit utdrag frå "Jordmor på jorda", og fekk stor applaus fra salen.
11 salmar i salmeboka
Han fortalte og om samarbeidet med Henning Sommerro, om songer og salmar, konsertar og farmsyningar. Dei to har laga mellom 30 og 40 salmar, der Hoem har skreve teksten og Sommerro har komponert melodiane. 11 av salmene deira står i salmeboka.
Edvard Hoem og Svein Sæter.
Ragnhild Stavne Bolme fekk ei av bøkene sine signert av forfattaren.
Etter samtalen på scena tok Hoem seg tid til å signere nokre bøker, før han måtte haste vidare til konsert i Stangvik kyrkje.