Boligdag med husteikning
Torsdag inviterte Surnadal til "Boligdag". Dei yngre fekk teikne sine ønskehus, slik Adrian her har gjort. Andre fekk samtalar med byggefirma og andre rådgjevarar innan byggenæringa.
Første delen av arrangementet var mest for byggenæringa. Etter innleiing frå rådmannen, var det innlegg frå Eiendomsmegler1/Sparebank1, Husbanken, Surnadal Sparebank og Surnadal kommune.
Under den opne delen hadde dei ulike aktørane stands i salen, og folk kunne få samtalar med dei ulike representantane.
Linn Beate Haugen og Nora Sande Holtan deltok på «Boligdagen» i samband med «Operasjon Dagsverk»-dagen. Dei er elevar ved Surnadal vidaregåande skole, og dei hadde vore med på rigging og førebuing til konferansen i Svorkasalen på Kulturhuset.
Ivrige teiknarar i ferd med å teikne drømmehuset sitt: Adrian, Magnar og Emrik Olai.
OD-elevane inviterte dei yngre til teiknekonkurranse der dei kunne teikne drømmehuset sitt. Alle deltakarane fekk kinobillett i premie. Det passa godt, sidan laurdag er Den store kinodagen i Surnadal!
Vestlandshus med den lokale representanten Pre-Bo ved Ole Ivar Andersen og Ingebrigt Høgholt er klar til å dele informasjon.
Ved standen til Nordbohus fann vi Svein Brun frå Vibo AS som lokal representant, i samtale med Tonje Kristin Vikan og Ivar Vikan som har byggeplanar på Nordvik.
Kanskje dei kan bruke drømmehuset til sonen som utgangspunkt?
Eiendomsmegler1 vart presentert av Linda Øyahals og Berit Skralthaug, Sparebank1.
Gunhild Bøklepp Bøe i samtale med .Birger Jensen og Aleksander Sotberg frå Husbanken.
Arne Berset og Grete Aarnes representerte Surnadal Sparebank.
Sølvi Fuglås hadde fullt oversyn over tomteområda i Surnadal kommune. Kommunen har 72 bustadtomter ledig i 12 bustadfelt.
Du kan studere dei nærare på heimesida til Surnadal kommune!.