Norges Bondelag

Bondelaga inviterer til julebord

Todalen, Surnadal, Halsa/Valsøyfjord og Rindal Bondelag inviterer sine medlemmer til felles julebord på Vårsøg Hotell fredag 14. desember kl 19.30. Bindande påmelding til Oddvar Mikkelsen seinast i løpet av fredag for medlemmane i Surnadal. Invitasjon er også sendt i posten saman med anna medlemsinformasjon. Det er første gongen bondelaga arrangerer felles julebord. Oppslutninga avgjer om det skal bli ein tradisjon. Dersom interessen er stor nok, vil det bli sett opp buss til og frå.

Surnadal Bondelag er medlem av Trollheimsporten! Bli medlem du også! Klikk her for å bil medlem. Sjå alle medlemmer her!