690 andreas dalsegg sæter og vegar brøske feirer seier

Bortesiger til Surnadal

Surnadal gjesta laurdag Midsund og spela ein veldig god bortekamp. Etter spelet i første omgang, skulle pauseresultatet vore to-tre mål betre enn stillinga, som var 1-0. I 90. minutt sikra Andreas Dalsegg sigeren til Surnadal, medan Erik Kvendset Andersen stod for Surnadal si første scoring.

Surnadal tok tak i kampen frå start, og skapte ei rekkje store sjansar, både før og etter pause. To gongar i første omgang redda Midsund på strek, medan Frikk Hauglann Talgø runda keeper før han fekk avslutninga si blokkert. Elles var det fleire avslutningar etter gode angrep, mellom anna ved Sander Smevoll og Bjørnar Dalsegg Sæter.

Midsund la seg lågt og satsa på kontringar mot raske Erlend Blø, og hadde to gode sjansar før kvilen. Den eine kom Torstein Snekvik ut og redda åleine med Blø, medan Vegar Brøske heada den andre vekk frå målstreken.

Det einaste målet før pause var det venstrekant Erik Kvendset Andersen som stod for, etter 41 minutt. Frikk Hauglann Talgø drog seg inn frå sin høgrekant og spelte fri Bjørnar Dalsegg Sæter i bakrom. Han spelte på tvers til venstrekant Andersen, som avslutta eit flott angrep med å kontant breiside inn sitt sjette mål for året.

Også i andre omgang var Surnadal det førande laget, men trass store sjansar ved mellom anna Bjørnar Dalsegg Sæter og Frikk Hauglann Talgø, kom 2-0 aldri, og laget tok difor til å stresse litt meir med ballen. Samtidig fekk Midsund litt meir trua, sidan leiinga til dei for dagen kvitkledte nordmøringane framleis berre var på eitt mål.

Trass ein litt svakare periode, var det også no Surnadal som skapte det aller meste som var av sjansar, men ti minutt før slutt gjekk det som det ofte går, når det eine laget sløsar med sjansane. Bortelaget fekk to mulegheiter til å avslutte etter ein overgang, og etter at den første vart blokkert, klinka Svein-Tore Myrseth Fossum ballen ned i det høgre hjørnet til 1-1.

Dei siste minutta av kampen pressa surnadalingane på for 2-1, og etter ein duell mellom Stein Todalshaug og ein Midsund-spelar i feltet spratt ballen ut til Andreas Dalsegg Sæter på bortimot 25 meter. Han la ballen til rette og dunka til, så den fauk i nettet, heilt oppe ved tverrliggaren. Mål nummer åtte for Dalsegg Sæter, på ti kampar som defensiv midtbane og midtstoppar.

Fleire mål vart det ikkje, og dermed vart det 2-1-seier til Surnadal, som med seieren passerte Dahle og inntok 2. plassen på tabellen - fire poeng bak KBK 2.

- Vi spelar ein veldig, veldig god bortekamp, seier kampleiar Øystein Bondhus.

- Ut i frå spel og sjansar burde 1-0-leiinga vi gjekk til pause med, vore to-tre mål større, og det hadde vore ekstremt surt å tape poeng i ein kamp vi dominerer såpass voldsomt. Vi skapar vel bortimot 15 store sjansar, mot Midsund sine fire-fem, så om ein skal sette fingeren på noko er det effektiviteten framfor mål.

Seieren var Surnadal sin sjette seier på rad, og den tredje strake på bortebane.

- No har vi avgjort tre bortekampar på rad heilt på tampen, og det er liten tvil om at ting flyt godt for oss om dagen. Vi har ein brei og god spelarstall, som står på for kvarandre. Det er konkurranse om alle plassar på laget, og no gler vi oss stort til ei spennande serieavslutning, seier Bondhus.

For Surnadal står no kun heimekamp mot Dahle og bortekamp mot KFK att av årets sesong.
 

Kampfakta:

Midsund-Surnadal 1-2 (0-1)

Mål:

0-1 Erik Kvendset Andersen (41.)
1-1 Svein-Tore Myrseth Fossum (80.)
1-2 Andreas Dalsegg Sæter (90.)

Gult kort: Even Heggdal, Midsund. Ingen til Surnadal.

Surnadal sitt lag, frå høgre mot venstre (4-3-3)

Torstein Snekvik

Lars Mogstad
Vegar Brøske (Kaptein)
Ørjan Nes Haugen
Steinar Heggset (Geir Bævre inn i 66. min)

Sondre Næss Bolme (Sindre Hyldbakk Kvande inn i 90. min)
Andreas Dalsegg Sæter
Sander Smevoll

Frikk Hauglann Talgø (Sindre Fiske inn i 85. min)
Bjørnar Dalsegg Sæter
Erik Kvendset Andersen (Stein Todalshaug inn i 76. min)