Leserinnlegg

Uttale frå det kommunale eldrerådet vedkomande bortfall av telefondekninga

Bortfall av telefondekninga

Områder i Surnadal kommune var utan telefondekning i deler av vekene 7 og 8 i år. For Todalsbygda sin del, som hadde det lengste avbrotet, var telefondekninga, inklusive tryggleiksalarmen, fråverande frå natt til 18. februar til utpå dagen/kvelden den 23. februar. Fråveret måtte bygdafolket leva med dag etter dag, skriv nestleiar Martinus Torvik i eldrerådet i denne uttalen.

Ingen offentleg informasjon som folk flest vanlegvis forheld seg til, fortalde noko. Ikkje Kommunen, ikkje Fylkesmannen, ikkje Telenor. NRK/TV/RADIO ofra ikkje saka merksemd før 22. februar, og da lokalpressa omsider nemde situasjonen bygda levde i, viste det seg at avisene formidla uriktige/falske opplysningar. Bygdafolket vart forespegla framtidige løysingar som ikkje stemte, dag etter dag. Først etter nærare seks døgn lukkast det å få att summetonen.

Det kommunale Eldrerådet er glad for at både politisk og administrativ leiing i kommunen har evaluert hendinga og den offentlege handlemåten, eller mangelen på ein slik, i etterkant. Vi forstår at kommunen er i ferd med å ta åtgjerder for å hindra ei liknande naturhending i å utvikla seg like katastrofalt som hendinga i februar. Dei som bur i dei ulike bygdene og grendene i kommunen må til ei kvar tid kunne stola på at dei, når trongen er der, når fram både med tryggleiksalarmen og naudnumra 110, 112 og 113, eventuelt ved å framskunda utbygginga av det planlagde naudnettet.

Dei åtgjerdene som kommuneleiinga vil ta for å møta naturutløyste hendingar er neppe tilstrekkelege. Vi trur det må takast initiativ, og innleiast samarbeide inn mot Fylkesmannen og andre offentlege mynde, i det slike hendingar krev ein samordna og vel gjennomtenkt beredskap, bygd på brei erfaring med bakgrunn i andre områder sine opplevingar. Det er nemleg sannsynleg at det usannsynlege atter vil skje. Det har vi fått prov for fleire gonger. Da er det godt å ha øvd på ulike situasjonar. Til sist; Det må fokuserast på samfunnstryggleik og -beredskap.

Martinus Torvik
nestleiar i eldrerådet