![Rindal kirke 2009[1]_700x498](https://img7.custompublish.com/getfile.php/2378469.1537.ydxweerxuv/690x0/5329230_2378469.jpg)
Bot og bøn i Rindalskyrkja
Opps! Sundag er det vintertid, så me får ein time ekstra å surre på før kyrkjetid. Likninga om den bortkomne sonen skulle vera kjent for dei fleste. Men den kan like gjerne vera om den heimeverande sonen eller kan hende aller mest om den godhjarta faren. Likninga syner oss at me treng vårt av nåde, uansett kor lite eller mykje me rotar livet til. Namnet på sundagen er Bots- og bededag, og liturgien er vel heller lite ambasiøs. Me har ikkje nattverd, men byr på kyrkjekaffi. Vel møtt kl. 11.

.png)

