brannvern 001_350x220

Brannmenn og politi på skulebesøk

Surnadal Brannvesen har saman med politiet og ambulanse vore på Øye skule for å lære elevar og vaksne om brannvern. - Dette er ein "sjarmørdag" der vi både viser fram bilar og snakkar om brannsikkerheit, seier brannsjef Tor Arne Moen om arrangementet onsdag.

Det er nasjonal Brannvernveke denne veka, og det var i det høvet Øye skule kontakta brannvesenet for å høyre om dei kunne ta turen og informere om arbeidet dei gjer.

- Politi og ambulanse vart også med. Dermed får vi vist fram bilane vi brukar - noko svært mange av elevane tykkjer er stas - i tillegg til mellom anna å demonstrere sikkerheitsøvingar, fortel brannsjefen.

Vanlegvis har brannvesenet i Surnadal ein open dag i samband med Brannvernveka, men det skjer ikkje i år.

- Vi ventar til den nye brannstasjonen i Røtet er ferdig i 2011, sier Tor Arne Moen til Trollheimsporten.

Øvste bildet viser brannkonstabel Jon Nordvik som fortel interesserte elevar om kva ein brannbil eigentleg inneheld. På bildet under viser politibetjent Per Gjeldnes fram eit av våpna politiet har.