Brass og idrettsminne
«Trollheimsbrass» og skribent Henrik «Henne» Aasbø gav publikum ei rik museumsoppleving i Bøfjorden søndag.
Dirigent Bjørn Stomsvik og medlemmene av Trollheimsbrass laga feststemning ved sjøbruksmuseet.
Rett nok var ikkje brassgruppa fulltalig, men fire blåsarar, slagverk og dirigent sjarmerte med klangfullt og spenstig program i sommarsola ved sjøbruksmuseet. Ikkje minst samspelet med ein tøffande Sabb-motor (!) i rytmeseksjonen var populært blant dei frammøtte. Gruppa spelar reint og presist og gjenskaper den tyrolske friluftsstemninga ypperleg – endatil med friske songstrofer over stødig tuba-komp.
Henrik «Henne» Aasbø delte mykje av innhaldet i sjølbiografien sin med dei frammøtte.
Etter utekonserten kåserte idrettsveteranen og forfattaren Henrik «Henne» Aasbø med utgangspunkt i sjølbiografien «Henne – slik jeg ser det». Han tok forsamlinga med på ei interessant og humoristisk reise med opp- og nedturar gjennom livet. Med debut som smågutekeeper (og mange baklengsmål) i Rindalen var han innom og oppom det meste ein skrivande «idrettsnarkoman» kan oppleva – endatil på toppen av Kilimanjaro.
Boka er absolutt å anbefale!
Innsendt av Bernt G. Bøe