kårvatn_350x203

Breibandtilgang i fokus

Gudmund Kårvatn var måndag kveld på Dagsrevyen på NRK og fortalte om problema med å få tilgang til breiband til Kårvatn i Todalen. Temaet var Telenor og andre store nettaktørar sine kjøp av rettar til breibandfrekvenser dei ikkje brukar. Gudmund Kårvatn kunne ikkje få breiband fra Telenor, men Svorka Aksess vart redninga, slik at han kunne fortsetje å drive firmaet sitt heime frå garden. Regjeringa har sagt at dei vil arbeida for å leggja til rette for utbygging av breiband og til stader kor kommersielle aktørar ikkje finn det markedet dei treng for å byggje ut. Alikevel skapar frekvensrettigheitene som Telenor og andre store aktørar sitt med problemer for utbygging for interesserte aktørar.