BU-tevlingane er i gang
Tevlingar av ulike slag er eit av kjenneteikna for Landsstemna til Norges Bygdeungdomslag. Onsdag er fleire tevlingar i gang. Trollheimsporten besøkte tevlarane som deltok i Gjensidige Cup onsdag formiddag.
Gjensidige Cup består av 3 individuelle tevlingar; verneløp, moped og trafikk etter NBU sin mesterskapsplan (NBUM).
Bakgrunnen for cupen er samarbeidet NBU har med Gjensidige. NBU ønsker med denne tevlinga å sette auka fokus på tryggleik og korleis medlemmene sjølv kan gjere det tryggare rundt seg. Gjensidige Forsikring deler ut premier til dei som kjem på pallen.
Trollheimsporten følgde tre deltakarar gjennom dei tre tevlingsdelane.
Sjå reglane for Gjensidige Cup her!
NBUM i verneløp
Verneløpet er ei tevling som skal øve deltakarane til å bli dyktige til å finne farlege forhold som kan føre til arbeidsulykker. Tevlarane skal gjennom ei løype med fem postar finne inntil fem feil på kvar post.
Først vart ein litt eldre traktor grundig sjekka. Vi følgde innsatsen til ein deltakar frå Ullensaker, Marthe Bogstad (nr.2 frå høgre). Ho må reknast som veteran på stemner, for dette er det 10. landsstemnet hennar!
HMS-quizzen ser vanskeleg ut! Marthe (t.h.) finn nok rett svar!
På denne posten skulle verneutstyret sjekkast.
Er forholda ved dreiebenken forsvarlege?
Kva for væsker er uforsvarleg oppbevart?
Ole Vegard Bjerknesli frå Surnadal og Gina Grøndahl frå Nes i Akershus leda denne tevlingsposten.
NBUM i moped
Mopedtevlinga inneheld ein teoridel og ein førstehjelpsdel i tillegg til øvingar som går ut på å vise kor dyktig ein er til å kjøre moped/skuter. Trollheimsporten følgde Åmund Kolltveit frå Kvam i Hordaland rundt postane i mopedløypa. Kolltveit er på sitt tredje BU Landsstemne og er med på mopedtevlinga for første gong. Han lika opplegget, men erfaringa hans med to-hjulingar er frå motorsykkel.
Forskriftmessig utstyrt skal deltakaren vurdere breidda han treng for å passere mellom stolpane.
Stopp med bakhjulet på den kvite streken!
Fugleflukt over planken!
Slalåm mellom søyler.
"Rundkjøring" innom sirkel!
Blid og fornøgd Åmund Kolltveit etter tevlinga.
NBUM i trafikk
Trafikktevlinga går ut på å vise kor flink ein er til å kjøre bil. Med tevlinga ønsker ein å skape betre haldningar i trafikken og å skape meir ansvarlege og sikrare trafikantar.
Her møtte vi Sigve Berntsen, som også er frå Ullensaker i Akershus, og som er på sitt åttande landsstemne.
Sigve lykkast ikkje så godt med å treffe klossane med venstre framhjulet.
Det gjekk betre med høgre framhjulet!
Vending mellom desse to plankane gjekk overraskande bra!
Rygging på planke - perfekt! Her var det god bruk av spegelen!
Spertefri lukeparkering og god tid skapte optimisme.
Ingar O. Langli frå Sunndal Røde Kors tok seg av oppgaven i førstehjelp i lag med dokka "Anne".
Ole Petter Glærum og Joar Gulla styrte med den kjøredelen som gjekk på tid. Før kjøreoppgavene måtte Berntsen kontrollere at bilen var i trafikkmessig stand, denne gongen ein mindre bil.
Plankekjøring - her skulle sjåføren først bestemme avstanden mellom plankane, før han kjørte med begge hjul på kvar sin planke. Han måtte med andre ord bedømme breidda på bilen før kjøringa, ikkje heilt perfekt ...
"Rundkjøring" rundt tønna. Tauget skulle ikkje røre bakken og tønna skulle ikkje bli trekt frå plasseringa si. Enkelt? Prøv!
- Mye verre enn det ser ut til, sa Sigve Berntsen etter kjøringa.
Det går fleire tevlingar , delvis parallellt, kvar stemnedag. Etter eit poengsystem blir det kjempa om den gule ledertrøya kvar dag, fram til den endelege utdeling av ledartrøya siste dagen. Dermed var det somme ivrige deltakarar som hadde det travelt med å rekke alle øvingane alt første dagen.
- Ledartrøya skal til Rogaland, slo Kristian Haugland frå Bryne fast alt første tevlingsdagen! Det er nok korkje Hedmark eller Akershus enige i!
Det var ca 40 deltakarar i Gjensidige Cup, men fleire deltok berre i enkeltøvingar. Det samla deltakartalet på Landsstemnet her i Surnadal har no passert 1000 deltakarar