
... budsjettdebatt i Surnadal kommunestyre
Budsjett 2013 og økonomiplan 2013-2016
Budsjettdebatt i Surnadal kommunestyre i dag. Over ordførar Mons Otnes (Ap) og varaordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap). Til høgre rådmann Knut Haugen under innleiinga i dag.
Heile saksframlegget til budsjett 2013 og økonomiplan 2013-2016 finn du her, med vurderingane til rådmannen. Surnadal kommune må ta høgde for ein høg lønnsvekst (kostar kommunen 8,6 mill kroner ved +3%) enn først planlagt.
For høgt driftsnivå
- Det er det første budsjettet eg er med på, sa rådmann Knut Haugen, da han innleia omkring budsjettsakene i dagens kommunestyremøte. - Vi har eit tenestetilbod som er vel fem millionar kroner for høgt, sa han, da han forklara bruken av disposisjonsfondet inn i drifta. Samla investeringar i 2013 er på 44 millionar kroner.
- Dei generelle rammene er auka for Øye skule og Surnadal ungdomsskule, institusjonane og barnevern, sa han og forklara salderingane med å ta litt frå alt, bortsett frå heimetjenesta - altså ostehøvelen.
Du finn heile saklista her - og saksframlegg budsjett 2013 og økonomipan her.
Forsvarleg og godt budsjett
Ordførar Mons Otnes (Ap) la fram det formannskapet hadde funne rom til - blant anna 2 millioner kroner til Svissholmen, fullt trøkk på sentrumsplana og sommarjobb for ungdom.
- Dette er eit forsvarleg og godt budsjett, men det er tøft. Investeringane er ambisøse. Det er eit krevande budsjett, sa han og takka for den einstemmig innstillinga frå formannskapet.
Johs J.Vaag (Frp) foreslo å gjere betalingssatsane for tryggleiksalarmar rimelegare. - Helst skulle det vore gratis, sa han og foreslo bruk av fondsmidlar som finansiering. Det same foreslo han for omsorgslønn - ei styrking på 100 000 kroner.
Marit Granhus Kringlbotn (H) snakka om sine hjertebarn - kunnskapsbasert tilflytting. - Dette er eg svært glad vi er i gang med, sa ho og understreka kor viktig det er å ha eit bibliotek og med det kunnskasutvikling lokalt. Det tredje hjertebarnet var bustadfelt og det sste psykisk helse. - Eg tykkjer det er viktig vi har med oss dette inn i 2013, sa ho.
Ida Andrine Heggset (Ap) (under til venstre) var glad for at det i fjor kom inn læreplassar i Surnadal kommune og no foreslo ho oppretting av to nye læreplassar i Surnadal kommune.
Palmer Vikan (Uavhengig) unerstreka den gode budsjettprosessen i Surnadal. - Vi er løysingsorientert og har mange dyktige medarbeidarar i heile kommunen. Vi har ein rimeleg god kommune å forvalte, sa han og foreslo nytt bustadområdet på Nordvik som eit nytt tiltak.
Ragnar Halle (Sp) kommenterte vegvedlikehaldet, som er auka med 1,4 mill kroner for neste år. Han ville legge på 600 000 kroner, slik at det blir 2 mill kroner tilsaman neste år og permanent framover. I tillegg foreslo han å få inn i tekstdelen under kultur ein ansvarleg for festivalane i kommunen, for å trekkje i trådane.
Egil Nedal (Ap) snakka om velferdsmidlane. - Ein trivselsfaktor som gir eigarskap til eigen arbeidsplass og viser at kommunen arbeider svært godt for å ta vare på eigne arbeidstakarar, sa han.
Lilly Gunn Nyheim (Ap) var glad for 700 000 ekstra til institusjonane, vidareføring av frisklivssentralen og planene for nytt dagsenter. Ho var bekymra for barnehagane og særleg ungane med særskilte behov. - Det er viktig at alle ungane får det godt i barnehagen, sa ho.
- Vi har eit stramt budsjett, sa Oddny Hoem (Ap) og lika dårleg ostehøvelen som er bruka. - Vi må ha det løpande opptaket i barnehagane, understreka ho, noko fleire nemnte.
Norvald Bondhus (Ap) signaliserte at han ikkje var fornøgd med at det kjem mindre i overføringar enn lønsauken - 5,6 mill kom og vi har vel 8 i lønsauke. - Det er viktig å få til aktive bustadfelt, sa han og sakna initiativ frå Mo-grenda. I tillegg lufta han tanken om bustadfelt i Øyelia.
Eivind Hasle (SV) understreka ei god styring og gode prosessar i budsjettarbeidet i Surnadal. Han minna om vanskane mange andre kommunar no slit med.
Anita Bugge Opsal (Ap) ville også bygge på Mo - som ein replikk til Norvald Bondhus. - Men vi har utfordringar. Heile Mo er dyrka mark og opp i lia er det ein kraftledning, sa ho. Einar Grønnes (Sp) ville ha med kommunestyret på ei styrking av posten Kirkeleg Fellesråd med 200 000 kroner. Dette fall med mot 12 stemmer.
Lilli Husby, gruppeleiar i Ap, starta med å gå gjennom alle nye forslag som var sett fram. Det same gjorde Bernt Venås - gruppeleiar i Sp.
Meir til trygghetsalarmar og omsorgslønn (forslag frå Frp) fall, da Ap og SV ikkje støtta dette - 12 stemte for. Omsorgsløn vart tatt vidare innafor ramma, etter framlegg frå Ap, SV og Uanhengig representant. Ida Andrine Heggset (Ap) fekk honnør for sitt framlegg om to nye læreplassar. Dette vart einstemmig vedtatt.
Prosjekta bustadsosialt arbeid, barnefattigdom og tilbud til personar med rusproblem skal vidareførast, foreslo Johnny Melkild (Ap) og fekk einstemm og tilslutning.
Ap ville ikkje bruke meir frå disposisjonsfondet og gjekk i mot framlegget frå Ragnar Halle (Sp) om å bruke 600 000 kroner meir på vegvedlikehaldet - altså 2 millionar kroner tilsaman - eit framlegg som fall mot 11 stemmer.
Palmer Vikan (Uavhengig) fekk fleirtal for sitt framlegg om nytt bustadområde på Nordvik, mens framlegget om ein sekretærfunksjon til dei ulike festivalane vart trekt.
Tiltaket, etter forslag frå Bernt Vens (Sp), om å stille krav til at offentlege festarrangørar gir barn og unge den beskyttinga som mellom anna alkohollova har til hensikt å gi - vedtatt med 26 mot 1 stemme.
Einar Grønset (Sp) foreslo å løfte fram og nyttiggjere oss eldre kulturminne frå dei første spor av menneskeleg aktivitet og bosetting i kommunen fram til i dag. Dette skal gjerast med tanke på å styrke lokal identitet og auke kunnskap om vår lokale historie, samt styrking av reiselivsnæringa i kommunen. Dette vart einstemmig vedtatt.
Deretter vart økonomisakene knytta til budsjettet behandla - regulering av tomteprisen, gebyr og betalingssatsar og fastsetting av eigedomsskatten 2013. Sjå saklista og saksframlegga. Alle desse vart einstemmig vedtatt (unntak her var to stemmer (Frp) som ikkje ønska eigedomsskatt).