Bustadbrann i Rindal
Laurdag ettermiddag oppsto det brann i eit kombinert nærings- og bustadbygg i Rindal sentrum. Det var ingen personar i bygget, og brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen.
Den første meldinga frå politiet kom på Twitter ca kl 18 laurdag.
Det brann frå taket og det var mykje røyk på staden. Det var kort veg frå brannstasjonen, så brannmannskapa var raskt på plass etter at dei fekk meldinga. Dei sendte røykdykkarar inn i bygget, og fekk raskt kontroll på brannen.
Det var ingen menneske i huset, men ein person hadde bustad i andre etasje, og i første etasje hadde fotograf Mari Bolme atelier. Begge vart kontakta, og Bolme fekk berga ut det ho hadde i atelieret utan vass-skade. Bustaden er ein usikker på tilstanden til.
Mari Bolme opplyser at ingen avtaler går i vasken for henne. No må ho berre finne lager for utstyret.
Video frå brannen, foto John J. Storholt
Brannmannskapa jobba i tjukke drakter i 30 graders varme.
Foto: Eli L. Solvik og OleT,