Vi går ombord A_700x603

Bye-program på Sjøbruksmuseet

«Vi går ombord» er søndagens programtittel på museet i Bøfjorden. Viser av Erik Bye, redningssaka og lokal skipshistorie står på kartet. Trioen KOS (Karen Oddny og Sigfred Gravvold, song og Oddmund Solem, trekkspel) er hovudaktørar i Erik Bye-programmet – som byggjer på radio- og TV-suksessen «Vi går ombord» for 50 år sia. Her blir det også allsong – og høve til spontaninnslag!

Redningsskøyta «Skomvær II» vart bygd med midlar bl.a. frå NRK-programmet. Gunnvald Bøe vil difor gi seriøse og muntre glimt av redningssaka på Nordmøre. Ein biletserie med lokale fraktefarty og sjømenn utfyller programmet. Overskotet av museumsdagen går til drift av kyrkjebåten «Hjelmkonnå».

Museet er ope med utstilliungar, kaffe og småsalg alle søndagar (juni - september) kl. 13 - 17. Dagens Tema startar alltid kl. 15.

 

Oddmund, Karen Oddny og Sigfred lovar gode viser av Erik Bye.

 

Erik Bye gjorde kjempesuksess med NRK-programma «Vi går ombord» og bidrog til bygginga av RS «Skomvær II».

Bøfjordingane har støtta redningssaka i alle år. Her er RS «Willie Wilhelmsen» på besøk i Skrøvsetvika.

 

Programmet viser også flotte frakteskuter. «Boy» deltok i oppbygginga av Kristiansund etter krigen.

Tekst og foto: Bernt G. Bøe