Willy og bygdeboknemnda_1024x683

Bygdebokmøte

Arbeidet med nye bygdebøker for Surnadal er godt i gang, og komande veke blir det halde informasjonsmøte om bygdebokarbeidet i Bæverfjord og Mo. Til desse møta er alle husstandar i dei to kretsane invitert, samt folk utanbygds som eig bustadar der. Husstandane har på førehand fått tilsendt spørjeskjema som blir bruka til å samle inn informasjon frå dei seinare åra, og spørsmål i samband med utfylling av desse skjema kan stillast på møta. Elles er siste nytt i bygdeboksamanheng at Trollheimsportens eigen Willy Karlstrøm har vore på besøk i bygdeboknemnda for å fortelje om erfaringar frå bygdebokarbeidet i Rindal.

Willy Karlstrøm hadde med seg gode råd til bygdeboknemnda i Surnadal. Frå venstre Gudrun Langli, Lars Polden, Marit Granhus Kringlebotn, Lars Jostein Bævre, Willy Karlstrøm, Lilli Husby og Jon Arne Buvarp. Foto: Norunn Holten

Arbeidet med dei nye bygdebøkene for Surnadal er som sagt godt i gang, og det blir no arbeidd for fullt for å få inn informasjon frå nyare tid. Det skal ut spørjeskjema til alle husstandar i kommunen for å få oppdatert informasjonen frå tida etter siste revidering av bygdebøkene, og det begynner jo å bli nokre år. Dei ferskast bygdebøkene er Åsskardboka frå 1987 og gards- og ættesoga frå begynnelsen på 80-talet. I Todalen er innsamlingsarbeidet stort sett ferdig, og i Stangvik går det mot slutten. No er det altså Bæverfjord og Mo som står for tur. Det blir informasjonsmøte ved Bæverfjord oppvekstsenter på måndag og på Mo oppvekstsenter onsdag.

For å gjera ein best muleg jobb med bygdebøkene, driv også bygdeboknemnda med fagleg oppdatering av ulikt slag. På siste møte var tidlegare bygdebokforfattar Willy Karlstrøm til stades for å dele erfaringane sine frå arbeidet med bygdebøkene i Rindal med nemnda. Sjølv om arbeidet med bøkene blir lagt opp annleis i Surnadal enn i Rindal, fekk nemnda med seg fleire gode tips til bygdebokarbeidet framover.