Rindal Vårtsøg signerer første_1024x872

Kø for signaturene til Henning, Knut og Johnny

CD-slepp for Vårsøg - over 400 cd-ar fauk ut i Amfi

Det var lang kø framfor bordet i Amfi Surnadal, der Henning Sommerro, Knut Blekken og Johnny Gausemel hadde benka seg for å signere den nye cd-en, relanseringa av Vårsøg, i dag. Det var eit skikkeleg cd-slepp, der alle tre heldt i cd-en og slapp den i golvet. Attom cd-en er Øra Fonogram med Jostein Ansnes og Steinar Larsen. I Rindal var det også kø (bildet) og mange fekk signert sine gamle vinylplåter. Sjå mange bilder frå sleppet i Amfi og hos Coop Elektro Rindal i dag:

Slapp cd i golvet
Jostein Ansnes og Steinar Larsen i Øra Fonogram har fått lov til å gje ut den raude Vårsøg-plåta som cd igjen. Mange hadde møtt fram i Amfi Surnadal i dag for å få den nye cd-en signert - og det vart eit skikkeleg cd-slepp, der alle tre i Vårsøg - Henning Sommerro, Knut Blekken og Johnny Gausemel - heldt i ein cd og slapp den i golvet (over).

- Det gamle raude coveret har feil i seg, kunne Jostein Ansnes fortelle. - Det har feil rekkefølge og eit av kutta manglar - Dans Dans Dans Dele, sa han og Henning og Knut tok den på direkten på 39 sekund, som det står på coveret.

- Vi har retta opp feilen på cd-en, og har også lagt med det gamle coveret, sa Jostein Ansnes.

Kom ut i 1977
- Denne plåta spela vi inn i 1976 og den kom ut i 1977. Ørnulf Holte frå Gluntan var produsent. Eg hugsar han la seg mykje borti dialekta vi bruka. Det irriterte meg da og irriterer meg framleis. Ikkje alt her er slik eg snakkar surnadaling. Heldigvis har det blitt annleis no, fortalte Henning Sommerro frå innspelinga.

Meir musikk vart det ikkje i Amfi - køa var lang for signering. Men før det fortalte Knut Blekken og Johnny Gausemel litt om kva dei har drive med dei  siste 30 åra:

Knut og Johnny
- Eg spelar litt framleis, litt revy, jazz og viser. Og eg har hatt arbeid i Vinmonopolet i 30 år - akevitten ligg klar, sa Knut Blekken.

- Eg har ikkje spela så mykje, bortsett frå litt saman med ein gjeng i Rindal for nokre år sidan. Eg har vore sjukepleiar i Molde kommune og fylkeskommunen, sa Johnny Gausemel.

Opp frå dei daude
- Korleis er det å stå opp frå dei daude? spurte Henning Sommerro og Johnny Gausemel svara slik

- Det har skjedd før med stor suksess! Det såg han berre positivt på.

Hos Coop Elektro i Rindal
Den historia kom også i Rindal, der mange hadde møtt fram hos Coop Elektro seinare på ettermiddagen i dag. Johnny Gausemel kunne fortelle at han rekna seg som rindaling, men hadde ikkje slekt i bygda lenger.

I tillegg opplyste Jostein Ansnes om nærast ville tilstandar på Amfi: - Ja det var texas og vi har selt over 400 cd-ar, der dei første 300 gjekk unna i løpet av eit kvarter, smilte han og kunne love den andre plåta - Sola e komma - seinare. - Kanskje vi da får med Dans Dans Dans Dele, sa han.

Under ser du bilder både frå signeringa i Surnadal og i Rindal. Klikk på dei og sjå dei større og i serie:

 

Vårsøg signering kø_1024x692
Lang kø for signering i Amfi.
Vårsøg signering Surnadal 2_1024x768
Henning Knut Johnny Jostein Steinar 2_1024x737
Vårsøg med cd-slepp - Henning Sommerro, Knut Blekken, Johnny Gausemel, Jostein Ansnes og Steinar Larsen.
Henning Jostein Mons_1024x818
Ordførar Mons Otnes, saman med Henning Sommerro og Jostein Ansnes, glad for å få Vårsøgplåta på cd.
Skjorter Vårsøg Styrkår og Kjellaug Brørs_1024x770
Vårsøg-skjorter var også til, salgs - her sikrar Kjellaug og Styrkår Brørs seg skjorter.
Rindal Vårsøg første_1024x639
Vårsøg i Rindal: Henning Sommerro, Knut Blekken og Johnny Gausemel.
Rindal Vårsøg sign A_1024x615
Klare for signering i Rindal.
Rindal Vårsøg signerer siste_1024x840
Rindal Vårsøg og Jostein_1024x615
Vårsøg med Jostein Ansnes i Rindal.
Rindal Vårtsøg signerer første_1024x872