
COOP Marked Rindalsskogen fekk investeringsstøtte
Kommunal- og regionaldepartementet lyser no ut 15 millionar kroner til investerings- og utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar i distrikta. COOP Marked Rindalsskogen (Nybø) var av dei 175 daglegvarebutikkane som fekk støtte i 2010. Sjå lista her!

Coop Marked Rindalsskogen, eller Nybø, som den vert kalla til dagleg, fekk kr. 32 000,- i investeringsstøtte i siste tildelinga.
- Dette er eit tiltak for å sikre og utvikle eit godt tenestetilbod i distrikta, og er ein viktig del av regjeringa sitt distriktspolitiske løft. Daglegvarebutikken er eit heilt grunnleggjande tenestetilbod. Eg er derfor glad for at det er klart for utlysing av nye midlar i investerings- og utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar i distrikta, seier statsråd Liv Signe Navarsete i ei pressemelding som du kan lese her. Du kan lese dette om saka hos adressa.no.
Det er sett av 15 millionar til slik støtte for 2011, same som i 2010. Søknadsfristen er 15.juni 2011.

.png)

