100 000 kroner til Øvre Rindal

Øvre Rindal skule har søkt om og fått heile 100 000 kroner for å jobbe med eit utviklingsprosjekt for inkluderande læringsmiljø. Midlane kjem frå Utdanningsdirektoratet. Vi treng nok våren på å planlegge prosjektet og har tenkt å starte arbeidet for fullt frå august 2010.

Det går fram av heimesidene til Øvre Rindal skule. Der finner du også søknaden fra Øvre Rindal.
 
Foreløpig veit vi ikkje i kva grad direktoratet vil delta i arbeidet, eller om det kjem nokre føringar frå dei om korleis vi skal jobbe med prosjektet. Vi kjem med meir informasjon etter kvart som ting blir meir klart. Dei som ønskjer å lese meir kan sjå på Utdanningsdirektoratets nettsider.