Åtte ledige i Rindal - 50 i Surnadal

Arbeidsløysa aukar også i vårt distrikt. I desember er det 2992 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. I Rindal er det 8 (0,8%) og i Surnadal 50 (1,7%). Avdelingsdirektør Rolf Lossius i Nav Møre og Romsdal ventar ein auke i arbeidsløysa også i 2010 og 2011, går det fram av ei pressemelding frå Nav.

Utviklinga i arbeidsløysa i vårt fylke følgjer den same profilen som resten av landet, men utviklinga her var noko brattare i starten av året.
 
Meir normalt neste år
- Vinteren 2009 var prega av stor auke i talet på permitteringar, spesielt innan industrien. Det at Møre og Romsdal er eit typisk industrifylke med mykje konkurranseutsett industri, er mykje av årsaka til at talet på ledige her steig raskare enn landet totalt sett då finanskrisa råka oss for fullt.
- I 2009 har delen av dei ledige som kjem frå industrien utgjort om lag 23 prosent i vårt fylke, mens det totalt for landet har utgjort under 15 prosent.
Lossius ventar seg ei meir normal utvikling i arbeidsløysa neste år. Ein topp i januar, nedgang gjennom vinteren og våren før ein ny topp til sommaren, går det fram av pressemeldinga.