Årsskrift frå Stangvik historielag

Er du ferdig med julegavene eller har du noen smågaver igjen? Da kan årsskriftet til Stangvik histrorielag vera eit alternativ. Dei fekk eit hardt slag da Jon Åsbø gjekk bort i sommar. Han hadde det datatekniske ansvaret for årsskriftet, noko Per Egil Fiske tok på seg. Årsskriftet har kome og aktiviteten til historielaget har vore stor.

Det skriv leiar Einar Grønnes i "leiaren har ordet" i årets årsskrift.
 
Historielaget har arrangert fotokveldar med godt oppmøte og kulturelle turar både til Storsetra på Stangvikfjellet, som du finn omtalt i årsskriftet, og frå Flessa til Todalen. Tredje og siste tur gjekk til Ranessetra. Og tur nummer to og tre kjem det reportasje frå seinare. Trollheimsporten hadde denne bildereportasjen frå Storsetra nyleg.
 
- Arrangementet på museet på Åsen var ein kjempesuksess også i år. Tema var gamle motorar, gamal, gamalt handtverk. Eit populært innslag for barna var hestekøyring. I røykomnstua var det kåseri, og i fjøset musikalsk underhaldning, skriv Einar Grønset.
 
I årsskriftet for Stangvik finn du i år stoff om bygdemeieria, Eidet skule, markaslått og ømse anna, øvst nemslå e Lykkjebøgd'n, litt om snøbrøytinga i Lykjebøgda, DS Yukon og Fredrik Bruseth, bureisarliv i Røgrenda, bureisinga på "Fugelleiken" på Eidet, gutteklubb og allsidig idrett på Kvanne, Lykkjeidet syforening jubilerer, setrene rundt Ålvundfjorden, vandring i slåttemarka i Kvenndalen og kulturvandring til Storsetra.
 
Manglar du julegåde - her er den: