Årsskriftet til heimbygdlaget

Årsskriftet for Rindal heimbygdlag er i salg i butikkane, eit svært innhaldsrikt årsskrift på tilsaman 88 sider. Her finn du mykje godt historisk rindalsstoff og som vanleg finn du oppsummeringa av året 2009. Ein fin  julegave til alle rindalingar og skåprindalingar.

Dette er ikkje nokon anmeldelse av årsskriftet - der er eg og inhabil. Her vil eg berre dra nokre linjer om kva du kan finne av stoff i årets innhaldsrike årsskrift.
 
Jon Sveen har skrive om da Kong Oscar II reiste etter "Den Trondhjemske Postvei" og overnatta på skysstasjonen på Holte, Utigard, oppi Bukta.
Jon E. Børseth var nøytralitetsvakt i Nord-Norge i 1940.
Joralf Halgunset har skrive om tungvindt tannhelsetjeneste i Rindal på 1940- og 50-talet.
Harald Egil Folden har gått langs ein gammal seterveg til Snausen.
Tor Ålbu har funne "nye" utvandrarar frå Rindal.
Det er gjort eit stor arbeid for å samle husmannsplassar i midtre del av Romundstadbygda.
Jon Langli har skrive om Langlisetra.
Jon Løfaldli har skrive om famnvedkjøring.
Edgar Landsem og Fredrik Løset har snakka med Ida Halvorsen som fortel.
Ivar Bakk har skrive om multeplukking og fjelliv i Rindal på 1940-talet.
Fredrik Løset har skrive om Rindal, for 100 år sidan.
Ola Brønstad har skrive om biljubileum.
Og Stein Steinarson om da Rindal mølle brente - del 2.
Elles finn di barneside, konformasjonsbilde for 50 år sidan og Det Gamle skulebildet.
I tillegg har Willy Karlstrøm skrive Rindal i ord og bilder 2009.
 
Som vanleg er det Rindal heimbygdlag som har gitt ut årsskriftet og styret er ansvarleg for utgjevinga. Redaktør har vore Fredrik Løset og Vullum Design ved Elin Vullum har stått bak grafisk produksjon.
 
Framsida viser landsemfolk på setra i Snausen: Tore, Per, Odd, Eirik (nesten skjult), Birgit og Ingebrigt:
Foto: Harald Egil Folden.
 
Reportasje: Willy Karlstrøm