Picasa

Julemusikal på Øye skule

Publikum fikk bli med til nisseverkstaden på Nordpolen heilt først i desember. Smånissane kom frå alle verdas kantar for å starte den artigast tida på året, førjulstida i desember når dei får lage julegåver til barna rundt omkring i verda.

Snekkarnissar, målarnissar, sy- og strikkenissar og pakke-inn-nissar samla seg i verkstaden der det skulle skje så mykje viktig før jul.

Smånissanane vart fortvila da dei oppdaga at dei to viktigaste nissane, sjølvaste nissemor og nissefar, ikkje var i verkstaden på Nordpolen. Nissen hadde reist på ferie, og det i desember!

Men smånissane var slett ikkje rådlause, og gjekk saman om å prøve å redde jula – Dei sydde, strikka, snekra og måla leiker og pakka inn alt før dei for ut i verda med reinsdyrsleden for å levere julegåvene.

Da nissefar og nissemor endeleg dukka opp etter eit langt opphald i Syden, blir dei først triste over å ha gløymt juleførebuingane dette året. Men da smånissane kunne fortelje at dei hadde redda jula vart fortvilinga snudd til stor glede og alle kunne feire jul med stor nisse-festivitas!

 

Julemusikal 1.jpg

Julemusikal 2.jpg

Julemusikal 3.jpg

Julemusikal 5.jpg

Julemusikal 6.jpg

Julemusikal 7.jpg

 

Julemusikal 9.jpg

Julemusikal 10.jpg

Tekst og foto: Kjersti Mahle Brøske