«Gamle Nordmør» i kjømda

2015-utgåva av «Gamle Nordmør» er i rute! Årboka er spekka med lokal historie og kulturstoff også denne gongen.

- Mange sider gir tilbakeblikk på lokale hendingar under okkupasjonen, seier redaktør og leiar i Bøfjorden Historielag, Bernt G. Bøe.

- 75 år etter 1940 er det naturleg å trekkje fram både drama og kvardagsliv frå krigstida. I dette fargerike temaet er det også muntre innslag, som elles ikkje har vore på trykk.

Naturleg nok vil historielaget minnast sin sambygding Gunnar P. Bøe, som fall under krigen. Ein unik fotoserie frå gravferda hans er no trykt for første gong. I «Glimt frå krigstida» har svogeren til Gunnar, Olav Bergheim, fortalt korleis krigen arta seg i Surnadal frå dag til dag. Lars Indreiten skriv m.a. om krigsflyet som havarerte i Halsa.

- Kva personar og heimar er modellar for teikneserien «Vangsgutane»? spør årboka. Nokre svar er henta hos folket i Todalen.

I «Namn langs fjorden» gir Gunnvald Bøe fagleg innsikt om kvifor landskap og bygder heiter som dei gjer.

Eit fascinerande persongalleri blir portrettert  – blant desse «gammelklokkaren» og altmulegmannen i Stangvik, Christen Bruseth, som var fødd for 200 år sia.

Funnet av gamle Amerika-brev i husveggen i Bøgeilen gir artige glimt av livet «over there» og på Nordmøre i 1920-åra.

Artikkelen «Gamle Surendalsøren» fortel om ein av Nordmøre sine livlegaste tettstader i gamle dagar – og markerer 100-årsjubileet for fabrikken som årleg produserte 500 «Fram»-syklar!

Altså: Ei årbok med variert julelesnad og stoff til alle tider - rikt illustrert.

Gamle Nordmør i kjømda Foto b_690x479.jpg

- Var Dalahaugen, som vi ser på skjermen, modell for Vangen i «Vangsgutane», spør Bernt G. Bøe og lovar eit variert «Gamle Nordmør» også i år.