Bispenisse c (2)

Bispenissen besøkte Åsskard

I lokale media var det nyleg hevda at nissen ikkje hadde noko med kyrkja å gjera.  At det er feil (men også litt rett), fekk ungane oppleve med eigne augo under barnegudstenesta i Åsskard måndag

Midt i programmet dukka det nemleg opp ein skjeggut herre i kappe og bispehuve. Han kalla seg Sankt Nikolas og påstod at han for 1700 år sia var biskop i byen Myra i Tyrkia. Denne biskopen hadde opplevd mykje og fått æra mangt, fekk ungane vite.

- Men han har da nissegenser og nissesko under kappa! oppdaga dei og kjende att nissen som var med under førejulskvelden på Mjøksanden nyleg. Og dermed kunne mannen inni bispekåpa, Bernt Vatten, forklare ein samanheng som mange ungar og vaksne ikkje kjenner til.

- Ordet «nisse» er det same som «Nils», og det kjem av Nikolaus, fortalte han.  Denne Nikolaus var ein snill og gåvmild biskop på 300-talet. Han berga sjømenn som forliste, og han var særleg snill mot alle barn. - For eksempel var det tre fattige søstre, som ikkje hadde råd til å gifte seg. Men da gjekk eg forbi vinduet deira og smetta inn ein stor pose med gull og sølv til dei!

At nissen kjem med gåver om julekvelden, heng nok saman med dette. For han var veldig snill. Seinare vart Nikolaus kalla «heilag» og kjend som «Santa Claus» i engelsktalande land. Det er ein vi hører og ser mykje til i julereklamen.

Sankt Nikolas vart også rekna som vernaren, «skytshelgen» for mange – blant andre sjøfolk og skulebarn. Minnedagen hans – 6. desember – er forresten stor «gåvedag» i land som Nederland og Belgia framleis.

- Men i Norge blanda dei han inn i den gamle overtrua på underjordiske tussar og troll. Dei torde ikkje anna enn å stelle godt med han, for han vart sint viss han ikkje fekk det som han ville. Difor sette dei ut graut til han, slik at vi kan synge «På låven sitter nissen med sin julegrøt»!

Med så sagt tok «biskop Nikolaus Vatten» av seg huva og kappa. Og fram kom Julenissen Himself - i islending og nissehuve.

Så hadde ungane i kyrkja lært det mange ikkje visste. Og dei lova høgtideleg å sette ut graut til han denne jula!

 

Bispenisse a 2015 12 21 Åssk (2).jpg
Bernt Vatten kom frå Halsa til barnegudstenesta i Åsskard som  «biskop Nikolaus».

 

Bispenisse b (2).jpg
Men under bispekåpa var det nisseklede ...

 

Bispenisse c (2).jpg
Og med litt raudt på kinna var det ingen tvil. Skjegget var der jo frå før, så her trongst det inga nissemaske!

 

Tekst: Bernt G. Bøe, alle foto: Elin Merete Hamnes