Hans Olav og Marit Othelie

Vakkert i Øye kyrkje

5. juledag var det konsert i Øye kyrkje. Kyrkja var nesten fylt til siste benk og bandet og solistane leverte ei gnistrande forestilling. Dette kunne godt ha vore framført på hvilken som helst slags scene i landet, for med gode solistar, soild band og musikalske arrangementar som glei så vakkert avgarde, var dette toppklasse å reknast!

Konserten opna med ei vakker tolkning av «Jul, jul, strålande jul» med Stein Boge på trompet. Det lèt fantastisk bra! Boge trakterte for øvrig både gitarer og kyrkjeorgel under konserten, alt på ein fortreffeleg måte. Hans Olav Settem, kveldens konfransier, fortsette med «Upp gledjast alle». Settem viste at han er ein artist av høg klasse. Med seg hadde han syster si, Gunhild Marie, til å syngje ilag med seg. Ilag så lèt dei kjempefint.  Ein etter ein trilla det fram julesongar som lèt på ein slik måte vi ikkje hadde høyrt dei før. Bandet var heilt klart i det leikande hjørnet og skapa ein særs dynamisk konsert. Bandet bestod av Hans Olav Settem, Stein Boge, Sondre Skogseth, Oddbjørn Sponås og Brage Kristian Einum.

Vakkert var det òg då Torstein Snekvik spelte sin sjølvkomponerte tekst og melodi «Bokja». Vi får vona at han fortsett med å laga eige materiale, for dette var meget bra. Han avslutta bolken sin med «Nordnorsk julesalme» på ypperleg vis.

Hans Olav Settem hadde og med seg,som han sjølv sa, sin bedre halvdel, Marit Othelie Thorvik. Ilag framførte dei ei særs fin tolkning av «Det lyser i stille grender». Ho var med å kora på fleire songar .

Toril Moe var òg blant kveldens songsolistar og framførte «Nå kommer jula hit» og «Mitt hjerte alltid vanker». Moe song knall-fint, trygt og sikkert, med sin imponerende stemmeprakt.

Kan òg nevnast at lydmann, Frank Spoon Botten, gav publikum fin og klår lyd.

Artistane vart hylla, heilt fortjent, med ståande applaus, men noko ekstranummer vart det ikkje. «Vi får ta det neste år» sa Settem. Dette får vi ta som eit teikn på at det blir konsert neste år òg!

 Brage ,Stein og Oddbjørn.jpg
Brage Kristian Einum,keyboard, Stein Boge,trompet og Oddbjørn Sponås på slagverk

Torstein.jpg
Torstein Snekvik m/band

Stein B orgel.jpg
Stein Boge ved kyrkjeorgelet

Toril og bandet.jpg
Toril Moe m/band

Heile gjengen.jpg
Heile gjengen samla. Frå venstre Stein Boge,Torstein Snekvik, Sondre Skogseth,Gunhild Marie Täringskog, Brage Kristian Einum, Hans Olav Settem, Oddbjørn Sponås,Marit Othelie Thorvik og Toril Moe.