sabine klonk 690

11 entreprenørar har teke kontakt:

Stor interesse for anbodsbefaring på Øye

Torsdag tok Surnadal kommune og NorConsult imot interesserte entreprenørar til anbodsbefaring i samband med skuleprosjektet på Øye. – Oppmøtet var nesten i overkant av det vi hadde forventa, seier Astrid Mogstad Høivik, kommunalsjef for oppvekst.

Allereie då Olav Rønning ønska dei oppmøtte entreprenørane velkommen til anbodsbefaring torsdag, vart viktigheita av skuleprosjektet på Øye gjort klinkande klart:

– Dette er den største investeringa Surnadal kommune har gjort, sa einingsleiaren for eigedom, som og sette stor pris på det gode oppmøtet:

– Vi er veldig glade for at så mange er interesserte i dette prosjektet, som er så viktig for oss.

Viktig med fleksible løysingar

Sabina Klonk i NorConsult er prosjekteringsansvarleg for skuleprosjektet, som har ei kostnadsramme på 140 millionar kroner pluss moms. 

Før sjølve befaringa heldt ho ein presentasjon av prosjektet for dei entreprenørane som hadde teke turen til skuleområdet.

Eitt av punkta som vart understreka var viktigheita av fleksible løysingar, og at eit sterkt ønske om at dei tyngste, største delane av bygginga må leggjast til sommarferien. På denne måten kan ein unngå dei aller største løfta medan skulebyggja er i bruk av elevar og tilsette. 

Klonk hadde med seg mellom anna oppdragsansvarleg og kollega Ole Bævre, samt arkitekt Svein Skylstad frå Skylstad Arkitektur.

Under befaringa delte entreprenørane seg i to, der ei gruppe vart med Astrid Mogstad Høivik og Sabine Klonk, medan den andre vart med Olav Rønning og Svein Skylstad. Her fekk dei åtte oppmøtte entreprenørselskapa mulegheita til å sjå og høyre planene på nært hald.

Ifølgje Mogstad Høivik har 11 firma teke kontakt med anten NorConsult eller Surnadal kommune før befaringa. Med godt over 20 personar på den grundige runden rundt på området torsdag lovar det godt for å få inn gode anbod på nyåret.

– Det blir veldig spennande å sjå kor mange av dei som har teke kontakt som kjem med anbod, seier Mogstad Høivik.

entreprenørar 690.jpg
Entreprenørar frå 8 ulike firma var på plass på anbodsbefaringa torsdag, og 11 entreprenørar har teke kontakt før befaringa.

– Må tilretteleggast for elevane

Etter befaringa vart det åpna for spørsmål frå entreprenørane i kantina ved Surnadal ungdomsskule. Sabine Klonk åpna denne delen av anbodsbefaringa med det som må kunne kallast ein konklusjon:

– Det viktigaste er at Surnadal no får ein 1-10-skule som er tilrettelagt for elevane. I tillegg veit vi at vi har ei kostnadsramme, og det er viktig at vi ikkje pådreg oss store ekstrakostnader. 

Klonk og Skylstad svarte på spørsmåla som hadde komme inn undervegs i befaringa og dei som kom fram i diskusjonen etterpå.

Eitt av punkta entreprenørane fatta stor interesse for var bruken av massivtre, og det vart slått fast at bruken av massivtre er eit krav frå Surnadal kommune si side. Kor mykje massivtre ein får råd til, vil vere eit kostnadsspørsmål entreprenørane må vurdere i anboda sine. Utgangspunktet til kommunen er at det er ønskeleg med så mykje massivtre som muleg.

Skeptiske til framdriftsplanen

Den vidare framdrifta i prosjektet startar, per dags dato, med fristen for å levere anbod. Denne er no sett til 30. januar. Byggetrinn 1, nybygging, er sett til april 2019-april 2020. Byggetrinn 2, ombygging av eksisterande bygg, til 1. april 2020 til 31. juli 2020. Byggetrinn 3, riving av blåbygget og gulbygget, er per i dag sett til 31. juli 2020 til 30. september 2020.

Fleire av entreprenørane uttrykte skepsis til framdriftsplanen, som dei meiner er for ambisiøs.

– Det er i realiteten berre fire arbeidsveker til anbodsfristen, og byggetida frå april 2019 til april 2020 er og veldig kort på eit så stort prosjekt, sa Stig Arne Johnsen, marknad- og kalkuleringsansvarleg i Molde-firmaet Christie & Opsahl.

Han fekk støtte frå Gaute Inge Helseth frå Grytnes Entreprenør:

– Slik framdriftsplanen ligg no er den urealistisk. Vi må få litt betre tid til å rekne på dette.

prosjektgruppa 690.jpg
Prosjektgruppa, som hadde møte etter anbodsbefaringa, vil vurdere å utvide anbodsfristen, som entreprenørane meinte er for kort.

Vil komme entreprenørane i møte

Prosjektgruppa tok desse innspela til etterretning, og i ein kommentar til Trollheimsporten seier prosjekteringsansvarleg Sabine Klonk i NorConsult at dei vil komme entreprenørane i møte, og at ønska deira vil bli vurdert.

Avslutningsvis understreka arkitekt Svein Skylstad overfor entreprenørane kor mykje nye Øye skule betyr for Surnadal.

– Dette er eit utruleg spennande prosjekt, som er kjempeviktig for kommunen.

Talet på entreprenørar var like høgt etter enda anbodsbefaring som i starten av seansen, noko som tyder på at dei oppmøtte i stor grad finn prosjektet interessant. Det kan love godt med tanke på å få inn det rette anbodet for nyskulen på Øye.

ødelagt vegg 690.jpg
Under befaringa kunne entreprenørane sjå fleire lett synlege teikn på at skuleprosjektet på Øye er både viktig og nødvendig.

svein skylstad 690.jpg
Arkitekt Svein Skylstad viser og forklarar under anbodsbefaringa torsdag.

olav rønning 690.jpg
Einingsleiar for eigedom i Surnadal kommune, Olav Rønning, er fornøgd med at så mange entreprenørar viser interesse for skuleprosjektet.

sabine klonk viser på baksida 690.jpg
Sabine Klonk gav dei frammøtte entreprenørane ei god innføring i planane for nye Øye skule.