IMG_6427 ps

Dirty Åsskard vann Romjulscupen

Slo Ballatasaray 5-1 i finalen i Surnadal Idrettshall fredag. Høkkert slo Hana i bronsefinalen, medan Ola Øyen Saltrø vart kåra til turneringas beste spelar.

Etter ein spennande finale var det til slutt Dirty Åsskard som tok heim seieren i Romjulscupen 2018, arrangert av Surnadal IL Fotball. Dei slo Ballatasaray 5-1 etter ein forrykande andreomgang.

Med fire surnadalslag i semifinalane vart størstedelen av publikum verande på tribuna heile turneringa, og særleg rutinerte Dirty Åsskard hadde høglytt støtte frå tribuna i sluttspelet. Laget kom seg og til finalen, der dei møtte Ballatasaray - eit lag der spelarane stort sett spelar på A-laget til Surnadal.

Finalen, som varte i to gonger 10 minutt, vart sparka i gong i høgt tempo, og Ballatasaray tok leiinga etter få minutt, ved Ola Øyen Saltrø. Om lag halvvegs i første omgang utlikna Kjetil Rønning for Dirty Åsskard. 

Resten av omgangen bølga spelet fram og tilbake, men 1-1 stod seg til pause.

Saltrø turneringas beste

To minutt ut i andre omgang scora evigunge Webjørn Holten 2-1 til Dirty Åsskard, før keeper Eystein Nordby Meese la på til 3-1 berre halvminuttet seinare.

Dan Blekken auka leiinga til Dirty Åsskard til 4-1 etter halvspelt andreomgang, før Kjetil Rønning fastsette sluttresultatet til 5-1 på straffe.

Ola Øyen Saltrø (Ballatasaray) vart kåra til turneringas beste spelar. Saltrø scora seks mål, og var ein viktig grunn til at laget hans kom til finalen.

I bronsefinalen, der det og var to surnadalslag som møttest, vann Høkkert 4-1 over Hana. Høkkert donerte premiepengane for tredjeplassen til barnefotballen i Surnadal IL Fotball.

Fornøgd arrangør

Arrangøren var godt fornøgd med årets Romjulscup.

- Eg tykkjer turneringa har vore ein suksess, seier Sondre Ormset, dagleg leiar i Surnadal Idrettslag.

- Flyten har vore god, nivået høgt og dei fleste kampane jamne. Det har ført til god stemning gjennom heile dagen.

14 lag og om lag 120-130 spelarar var i aksjon i Surnadal Idrettshall fjerde juledag.

På Dirty Åsskard spelte Eystein Nordby Meese, Webjørn Holten, Torgeir Kvendset, Kjetil Rønning, Rolv Lysø, Dan Blekken, Trond Ellevset Blekken og Henrik Blekken.

På Ballatasaray spelte Mattis Fiske, Ola Øyen Saltrø, Håkon Sæther, Vegar Brøske, Sander Smevoll, Lars Mogstad, Ola Heggset, Hampus Hoem og Felix Hoem.

På Høkkert spelte Steinar Bæverfjord Ranheim, Knut Ola Høvik, Stein Todalshaug, Andreas Dalsegg Sæter, Bjørnar Dalsegg Sæter, Steinar Bævre Heggset og Helge Drøpping.

Surnadal Idrettslag er medlem av Trollheimsporten.

IMG_6415 ps
Ola Øyen Saltrø (Ballatasaray og Surnadal IL) vart kåra til turneringas beste spelar.
IMG_6411 ps
Dan Blekken mottek beviset på at Dirty Åsskard tok førsteplassen.
IMG_6409 ps
Vegar Brøske og Ballatasaray vart nummer to i årets cup.
IMG_6385 ps
Høkkert slo Hana i bronsefinalen.