Juleavslutning

Årsavslutning for venneforeninga

Det er tid for juleavslutningar, slik også for Rindal skimuseum si venneforening som avslutta året med årsmøte og julegraut tirsdag kveld.

 

Siste året i Nordmøre museum

Dette vart ei litt spesiell juleavslutning  i og med at 2019 var Rindal skimuseum sitt siste år i Nordmøre museum. Frå 1. januar 2020 blir muséet overflytta til Trøndelag og blir ein del av MIST. Alle detaljar kring denne overflyttinga er enda ikkje spikra, men mykje blir nytt. Venneforeninga, derimot, vil trufast fortsette sitt arbeid og bistå muséet på ulikt vis, sik dei har gjort i ”alle” år.

Årsmelding og rekneskap

viste stor aktivitet og god økonomi. Foreninga har ulike faste arrangement gjennom heile sommarhavåret, som grautdag, potetnattvore og søndagskafé i Bjørnåsstøggu. Dei gir også ut kalender med gamle bilde frå bygda, strikkar Rindalsvottar som blir selde som suvenir på muséet og deltek på Rindalsmessa med sal av mellom anna sjølvproduserte tynnlemser.

Aktivitet

Venneforeninga deltek elles på muséet si skuleformidling. Museum og skule er nære naboar og dreg stor nytte av kvarandre. Ein ser på det som viktig at alle ungane i bygda tidleg blir kjent med og kjent på muséet. Deira første møtet med muséet er på nissedagen frå barnehagealder. Seinare oppover skuleåra blir dei inviterte til ulike aktivitetar på muséet, som potetsetting og -opptaking, såing av åker og binding av kornband. 9. klasse får kvart år tilbod om eit opplegg kalla ”Krig-fred”, om bombinga av Rindal sentrum i 1940 og korleis lokalbefolkninga opplevde og vart påverka av dette. I denne skuleformidlinga er venneforeningsmedlemmane viktige brikker. 

Styret

Rindal skimuseum si venneforenig har eit stabilt styre. Ann Elin Hess Brønstad fortset som leiar. Elles i styret sit Ann Ingeborg Grimsmo, Ragnhild Stavne Bolme og Inger Grøseth (ny).

Rindal skimuseum har i alt 102 medlemmar, og dei fleste av desse bidreg med eitt eller anna i løpet av året.

Som vanleg vart det servert julegraut og kaffe til dei  28 medlemmane som var oppmøtte. Etter kaffen las Ragnhild Stavne Bolme frå "Ei haustferd på Nordmøre" om Hans Hyldbakk sitt møte med Rindalen og rindalingane på si ferd. Fornøyeleg skrive!

Til sluttt var det tid for blomsteroverrekkingar:

Ann Elin Hess Brønstad og Kari Elin.jpg

Ann Elin Brønstad har vore leiar for venneforeninga og har styrt arbeidet med stø hand. Det fortener blomster.

Britt Grete Moen og kari Elin Bolme Løfaldli.jpg

Britt Grete Moen har vore tilsett ved skimuséet siste året, og sluttar frå nyår

Irene Løfaldli og Kari Elin Bolme Løfaldli[1].jpg

Irene Løfaldli har vore sommartilsett og har elles hjelpt til ved ulike arrangement i året.

Arvid Koksæter og Britt Grete.jpg

Mest overraska var nok museumsvenn Arvid Koksæter som har fått heilsidebilde i den nye Furkunnmatboka til Britt. Her får han overrekt bok i gave.

 

Rindal skimuseum er medlem i Trollheimsporten