Dåd og drama på museet
Heltemot og drama til sjøs og til lands er tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.
75-årsminnet for «Redningsdåden på Hustadvika» står sentralt. Lastebåten «Rokta» forliste ved Gallerskjera i april 1938. På radio kunne heile Norge følgje eit drama utan sidestykke – da fiskebåtar og redningsskøyta «Christian Bugge» risikerte alt for å berge mannskapet. Gunnvald Bøe fortel historia – med hjelp av gamle bilete og lydopptak med den legendariske redningsskipperen John Bakken.
Gripen av hendinga skreiv Arnulf Øverland diktet «Sjøfolkene på Hustadvika» - der han i eitt av versa skildrar dåden:
De gjorde den nesten umulige ting
å seile tvers gjennom brottenes ring
og fiske opp av det skumgrønne kavet
menn som var tatt av havet!
*
Gjestekåsør Egil Snekvik tek eit 70-års tilbakeblikk på ei tragiske hending ved Langøya i Averøy under krigen – der ein mineeksplosjon tok livet av ein ung familiefar.
*
Bernt Bøe fokuserer på andre dramatiske hendingar. Såleis er det 200 år sidan «Sjursfløgda» ovafor Stakneset fekk namnet sitt. I 1813 mista Sjur Bø frå Søgarden livet da han fall utom hammaren som seinare har vore oppkalla etter ulykka.
I 2004 avduka Bøfjorden Historielag minneplate på ein tilfeldig oppsett stein like ovafor Sjursfløgda. Under arbeid med skogsvegen til Trollbakken fann maskinkjørar Bernt Vatten ein fin stein som han nærmast for moro reiste opp som ein «bauta» i vegkanten – utan å vite om den tragiske hendinga på plassen. Historielaget følgde opp med minneplate. Avdukinga 30. juni 2004 skjedde i samarbeid med idrettslaget, som organiserte godt besøkt trimtreff for anledninga. Frå prologen saksar vi:
Da skjer det eit skrekk gjønnå skogjen og stillå,
det brotna og brytst - og 'ni orin det ber!
Så ligg det ein mannskropp der - livlaus og blodåt.
Ein orrfågel letta på susandes vengje.
Men mannen frå Søgarda e ikkje meir.
«Erksletthammaren» utmed Kalset og andre terrengnamn har også sine dramatiske historier. Nokre av dei får ein høre søndag. Museumsdagen har altså ein gripande meny, men også det er viktig lokalkultur.
Søndagens samling på museet blir avslutta med årsmøte for Bøfjorden Historielag.
Redningsskøyta «Christian Bugge» etter redningsdåden på Hustadvika 4. april 1938.
Lasteskipet «Rokta» - som forliste. Av mannskapet på tolv overlevde seks.
Skipper Johan Bakken på «Christian Bugge» blir å høre i arkivopptak.
Avduking på Sjursfløgda i juni 2004 – med etterkomarar av Sjur Bø (1756-1813): Frå venstre Andreas Bøe, Morgan Bøe, John Nonnon Heggem og Brit Heggem (3 år)
Minneplata på bautasteinen.
Egil Snekvik er gjestekåsør og fortel frå krigens dagar.
Plakaten til arrangementet.
Tekst/foto: Bernt G. Bøe