Om gudstenesta i Rindal kirke
Dåpsbarn, konfirmantar og smak av ny liturgi
Det vart full pakke på dei som var i Rindalskjerka til gudsteneste denne søndagen: Barnedåp, konfirmantpresentasjon, nattverd og smak av ny gudstenesteliturgi. Til dømes ba vi Vår Far og ikkje Fader vår.
Konfirmantar 2013 (+ ein som ikkje kunne møte)
Gangen i gudstenesta var trykt opp slik at ein kunne følgje med. Så lenge presten gir tydelege teikn når ein skal reise seg og sette seg, går det greitt for folk i benkane. Dei som leier gudstenesta får litt meir å lære seg i ein overgang. Og dette er ein overgang. Ny liturgi (gang i gudstenesta) er ikkje fastsett i Rindal enno. No prøver ein seg fram, og så blir det menighetsmøte før soknerådet bestemmer endeleg liturgi.
Største utfordringa for kyrkjelyden i dag var Hallelujaomkvedet før og etter evangelielesinga. Det blir eit fint innslag når ein får det på plass!. Elles må ein få til ei roleg avslutning på gudstenesta med respekt for postludiet frå organisten.
Gangen i dagens gudsteneste, liturgien, ser du på Trollheimsporten her!
Søndagspreika finn du her på Trollheimsporten.
Dåpsbarnet Tiril Jonli-Anshus med følgje
Dåpsbarnet Sofia Okstad Landsem med følgje
Dåpsbarnet Mia Aarønes med følgje