Dåpsfat fra 1700-talet kom att til Mo kyrkje

Søndag var det ei helt spesiell gudsteneste i Mo kyrkje. Arvingane etter Fredrik Håkonsli på Røvsgjerdet har gjeve kyrkja eit gamalt dåpsfat, som har vore i kyrkja i tidlegare tider. Ikkje nok med det, heile fire barn vart døpt i kyrkja denne dagen.

Leif Bøe Vidar Wilhelmsen Rygh og Ranveig Holte_690x924.jpg
Sokneprest Vidar Wilhelmsen Rygh med det gamle dåpsfatet, saman med representantane for arvingane etter Fredrik Håkonsli, Leif Bøe og Rannveig Holte.
 

Tove Mogstad, som er medlem av Mo sokneråd, fortel historia om dåpsfatet. Fatet er av tinn, og navnet Ola I Røv er inngravert. Så det er klart at han har vore eigar av fatet. Ola I Røv kom frå Utistu Røv, og det er dokumentert at far hans, Ingebrigt G Røv, ein gong på 1800-talet bytte til seg ein preikestol fra Mo kykje mot noko tømmer. Ein trur derfor at dåpsfatet kan ha vore med på den handelen.

Den nevnte preikestolen som var på Røv ei tid havna seinare på Normøre museum i Kristiansund. Dessverre brann museet i Kristiansund under krigen, så den gamle preikestolen er borte.

Dåpsfatet var på Røvsgjeret i mange år. Ola I Røv budde på Røvsgjerdet på sine gamle dagar. Han var bestefar til Fredrik Håkonsli, som døde midt på 1990-talet. Fredrik Håkonsli var onkel til fire, Inge Holte, Anna Jorunn Halgunset, Leif Bøe og Anne Irene Bøe Falstad. Dei er altså oldebarn av Ola I Røv, og det var dei som arva Røvsgjerdet og alt som var der. Rannveig og Inge Holte fann dåpsfatet på Røvsgjerdet, men dei visste naturleg nok ikkje kva det var. Dei tok likevel vare på fatet. Da det i den seinare tid har vorte oppklart at tinnfatet er eit gamalt dåpsfat frå Mo kyrkje bestemte arvingane at dei ville gje det attende til kykja.

Tove Mogstad har vore i kontakt med The Pewter Society i England, og dei stadfestar at fatet er laga i London mellom 1757 og 1763. Mo kyrkje er bygd nokre år tidlegare, så det er uvisst når dåpsfatet kom dit. Men det er inngravert med Mo&R, og det tyder på at det har vore i bruk i kyrkja medan Mo og Rindal var eitt sokn.

Det var fire dåpsbarn i Mo kykje denne søndagen. Dessverre passar ikkje det gamle dåpsfatet i døpefonten i kyrkja, så barna kunne ikkje døpast i det. Men fatet sto ved sida av da barna vart døpt. No blir det sannsynlegvis hengt opp til pynt inne i kyrkja.

Dåpsbarn Mo.jpg
Det var fire dåpsbarn i kykja denne dagen. Dåpsbarna er Thea, Ludvik, Håkon og Emil.


Foto: Tove Mogstad