Øye 031010_600x594_cropped_430x274

Dagens preike

Her er preika som Sokneprest Lene Gåsvatn heldt i Øye kyrkje denne sundagen " - slik vart den i alle fall skriven, - og eg trur ikkje det vart så mykje endring," helsar Lene. Teksta var Mark 10,17-27.
Øye krk 03.10.2010. Mark 10,17-27.
OM EG VAR EIN RIK MANN (Spelemann på taket)
Om eg var ein rik mann,
Dreiv eg berre dank, om eg var ein halden mann.
Slapp det tunge slitet,
Om eg var en rik mann.

Eg fekk meg stor høgt hus med staslege stover
midt inni byen til og med.
med blanke blekktak, tregolv store glas.
Og det var ei lang tropp som berre gjekk opp
og ei mykje lengre som gjekk ned,
og enda ei som berre stod til stas........
I tunet vrimla høns og gås og kalkun,
og ender for alle til å sjå,
gol og kakla alt med dei berre vann,
og kvart eit kvekk og klukk og klunk
skulle ljome høgt som basuner mot det blå
som om dei sa her bur ein halden mann.

Om eg var ein rik mann,
Dreiv eg berre dank, om eg var ein halden mann.
Slapp det tunge slitet,
Om eg var en rik mann.

Var dette draumen? Var dette min draum, vår draum – kva strevar me etter? Er det noko å trø etter å ha tunet fullt av høns og gås og kalkun og ender som gel og kaklar alt med dei vinn at her bur ein halden mann … eller ei dame med god smak? Kom inn og sjå heimen min, slottet mitt, og fortel meg gjerne at eg har det fint og smakfullt og moderne og kult både på bad og kjøken og huff, nei, gangen må du ikkje sjå på, den er det så lenge sidan me har pussa opp at det er mesta så eg skjemst - . Men bilen min og hytta mi og båten min og borna mine, sjå kor flott det er, alt eg eig!!

Tenk å vera ein rik mann eller ei rik dame. Så herleg å berre kunne kommunisere med all verda at eg har pengar nok, eg har pengar så det held, eg har god smak, eg, eg eg ….

Var det nåde? Var det glede? Var det skummelt?

Veit de: Det tekstavsnittet eg skal lesa no, handlar om ein rikdom som er skummel. Høyr godt etter så de forstår kvifor:

Då står me og høyrer lese frå Markus 10, 17-27.

Jesus og den rike mannen
Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud!
Boda kjenner du: Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal ikkje lura til deg noko, æra far din og mor di.»

Han svara: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.»

Då såg Jesus på han og fekk han kjær. Og han sa: «Éin ting manglar du: Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!»

Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sorgtung bort, for han eigde mykje.
   

Då såg Jesus omkring seg og sa til disiplane sine: «Kor vanskeleg det blir for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike.» Disiplane vart gripne av otte og undring då han sa det. Men Jesus tok til orde att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike [for dei som set si lit til rikdom].

Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»
Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?» Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud.»

Høyrde de det? Det er lettare for ein kamel å koma seg gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma seg inn i Guds rike. Det er lettare å vera kamel med høge puklar og lange føter enn å vera eit rikt menneske.

Me høyrer det: Her må det under til, om det skal bli noko anna enn rikmansdraumen om fuglekakling og storslått hus. Han skulle ha det eine og det andre som var fabelaktig, - og ikkje mindre enn tre tropper.

Ei lang tropp skulle gå opp, ei mykje lengre skulle gå ned og ei tredje skulle berre stå til stas. Og no brukar eg revyvisa for kva ho er verd – bileta derifrå er talande nok for min del i alle fall.

Ei lang tropp som går opp … var det kan hende karrierestigen, var det aksjekursane, var det velstanden, var det alt dette me er glad i av rikdom og ting me trur me må ha? Det kan så vera.

Så var det rikmannens andre tropp, den som går ned … og den var endå lengre. Faktisk var den det. Kan rikdommen vår bringe oss til vers, så kjem me vel fort nok ned på bakken att med troppa som går nedover – om ikkje før så når me skal under bakken.

Og så var det rikmannens tredje tropp, den han ikkje brukar. Den troppa som er berre til stas.

Har de tenkt på det … kor mange folk som har ei slik tropp? Kan hende var det nokon og einkvar av oss som har ei slik tropp me ikkje brukar, ei som berre står til stas, ei som ikkje er til noko anna enn å vera der.

Sidan eg no fyrst har brukt denne visa til utgangspunkt for preika, vil eg òg bruke biletet av denne stastroppa så det talar til oss - og eg spør: Er himmeltroppa di noko som berre står til stas? Er himmeltroppa di ei tropp som du brukar berre til å sjå på, berre til å gå rundt, berre som ein fin del av kulturen, eit religiøst alibi?

Meiningsutvekslinga me høyrde mellom Jesus og denne rike, unge mannen er alvårleg nok. Den rike, unge mannen har ei tropp som går rett til vers, der han surfar på sin velstand og rikdom, lovlydigheit og sømmelegheit.

Men så snur han på helen og rutsjar lengre ned enn han nokon gong har vore, når han tek troppa ned som er djupare enn den som går opp. Han er lei seg og trist og uttafor, der han går bort ifrå Jesus – bort ifrå rikdommen i Gud og inn under penganes forbannelse.

Kva skal han så med si tredje tropp, den som berre står til stas? Kanskje skulle han byrja å bruke den, - det kan vera den går gjennom eit nålauga, det kan vera den går gjennom det som er ulaseggjørlig – det kan vera den går direkte til himmels gjennom Jesu ord, Jesu offer, Jesu sår, Jesu oppstandelse.

God-troppa vår …. Kanskje skulle me bruke den. Ta den i bruk, ta i bruk det me fekk i dåpen, koma fram og hente det me får i nattverden, ta imot det Guds rike som er bydd oss.

Vår lange tropp som går til vers, stoppar ein stad. Den troppa som er mykje lengre og går ned, går vel helst berre ad dundas. Kva så med den som finst som berre stod til stas … skulle me ikkje snart ta den i bruk?

Alt er mulig for Gud, seier Jesus. Så blir det råd med frelse for oss òg. Det er berre me tek himmelvegen vår i bruk.
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal ein sann Gud frå eve og til eve. Amen.