
Dagens preken
Eg har ein del folk heime som gler seg til jul. Som gler seg skikkeleg til jul. Og faktisk: Eg gler meg til jul sjølv òg. Men så er det noko med dette som me skal vita: Det me har størst grunn til å gle oss mest til, det har me frå før. Men gleden blir ikkje mindre for det! Me skal stå og høyre kva Paulus skriv i sitt brev til filipparane i det fjerde kapittel, Fil 4,4-7:
Gled dere alltid i Herren! Igjen vil jeg si: Gled dere! La alle mennesker få merke at dere er vennlige. Herren er nær! Vær ikke bekymret for noe! Men legg alt dere har på hjertet, fram for Gud. Be og kall på ham med takk! Og Guds fred, som overgår all forstand, skal bevare deres hjerter og tanker i Kristus Jesus.
Me gler oss – og me har allereie gleden me gler oss til.
Korleis kjem Guds rike, korleis kjem Jesus?
No er det fyrst og fremst mora me skal snakke om. Ho Maria. Korleis har ho det før fødselen, mens ho veit at ho er gravid, mens ho går og ventar på å bli mor?
Me kan lesa om dette i kapitlet før juleevangeliet. Der seier Maria – og me skal ha svært så dårleg fantasi om me ikkje forstår at ho er hoppande glad:
Min sjel opphøyer Herren og min sjel fryder seg i Gud, min frelser. Og så held ho fram med lovsongen, der ho syng at alle slekter frå no skal prise henne salig.
Kvifor, om ikkje på grunn av han som ligg og veks i magen henner, om ikkje på grunn av han som skal koma og gjera verda god?
Dei fleste som har levd litt, veit at me folk er ganske forskjellige. Og me lærer raskt noko om både oss sjølve og andre: Nokon dagar har me det ok, andre dagar er me sinte, stressa eller lei oss. Og slik er det for alle – i større eller mindre grad.
Det går opp og ned her i livet, og tyngdekrafta dreg oss stadig nærare bakken. Men uansett korleis me både har det og tar det, så finst det ein glede me kan få tak i som varer støtt og som står støtt – uansett dagsform eller hummør, uansett alder eller forstand, uansett og alltid … for alle. Gleden, den er vår uansett – som den var det for han Paulus som sat i fengsel då han skreiv Filipparbrevet og oppfordra alle bekymra til å gle seg i Herren alltid.
Korleis ta imot gleden slik Maria gjorde det?
Det er berre ein måte, og det er å opne for Jesus og ta imot han. Det er berre å vita det sjølv om me ikkje forstår det: Jesus er min glede som varer no og alltid.
Dette eg har sagt så langt, munnar ut i høgtidsbøna for julaftan, slik me finn den i Landstands reviderte:

.png)

