RasFalla2_6972 Foto Jon O Ørsal

Dalavegen stengt

Dalavegen er stengt ved Falla i Todalen på grunn av ras. Det er starta utbedring av vegen, men det usikkert når vegen blir åpen for trafikk. Det er ingen moglegheit for omkøyring på plassen. Det kan ta fleire dagar å få åpna vegen att.

Dette vil nok ta litt tid å ordne opp i, seier Gunnar Bøe frå Surnadal kommune til Todalen.no. Men Per Gjeldnes startar arbeidet alt i dag med å gjenopne Dalavegen, som er stengt på grunn av ras i Falla. Vegen er heilt stengt og det er ikkje noko omkjøringsmulegheit, fortel Gunnar Bøe.

– Vi prøvar å opne vegen så snart som muleg, men vi er redd att det meste av veka går med på dette arbeidet.


Les meir om raset på Todalen.no


Foto: Jon Olav Ørsal, Todalen.no