690 marte nes målfeiring

Damelaget starta hausten med seier

To mål av Marte Nes og eitt av Alice Naustbakk - alle tre før det var spelt 25 minutt, gav Surnadal/Søya/Todalen 3-0-seier borte mot Sunndal 2. Dette var laget sin første kamp i haustsesongen, og det svært unge samarbeidslaget trygga dermed plassen sin på toppen av tabellen.

Ingressbilete: Marte Nes kunne juble for scoring i heimekampen mot Sunndal 2 (biletet). I bortekampen torsdag scora Surnadal/Søya/Todalen-kapteinen like godt to gonger.

Fotballhausten til Surnadal/Søya/Todalen i kvinnenes 3. divisjon var berre fire minutt gammal då Alice Eide Naustbakk sette inn sitt fjerde mål for sesongen.

Ho mottok eit gjennomspel, og sette ballen sikkert i mål bak Sunndal-keeper Sara Poori Hansen. Dermed stod det 0-1 på Sunndal kunstgress.

Kaptein Marte Nes, som med sine 18 år faktisk var tredje eldst på laget som møtte sunndalingane, sette inn kampens andre mål etter 18 minutt. Nes vart spelt gjennom av målscorarkollega Naustbakk, og åleine med keeper hadde midtbanegeneralen få problem med å sørge for at det stod 0-2 på resultattavla.

Etter 24 minutt sette Nes like godt eit frispark frå 30 meter direkte i mål, og dermed kunne serieleiarane gå til pause med ei solid og fortent 3-0-leiing.

Like før pause hadde Agnes Vikavoll komme inn til debut for damelaget, og i andre omgang gjorde både tvillingsøster Kaia Nan og Emilie Brøske Rønning det same. Det gror godt i fotballen i Surnadal kommune, og mot Sunndal 2 bestod troppen av kun tenåringar: to spelarar fødd i 2000, ei fødd i 2001, seks fødd i 2002, tre fødd i 2003 og tre fødd i 2004.

I den andre omgang hadde Erling Fiske sitt lag god kontroll, og det vart ikkje scoringar etter kvilen. Dermed enda det med 3-0-seier til Surnadal/Søya/Todalen, som står med seks seirar og ein uavgjort på sine sju kampar så langt denne sesongen. 

Dermed har laget, som i fjor spelte i 2. divisjon, no tre poengs forsprang ned til serietoar CFK/Dahle. Dei tapte 2-3 heime mot trear Langfjorden/Træff 2 torsdag, og i tillegg til å ligge tre poeng bak Surnadal/Søya/Todalen, har kristiansundarane spelt to kampar meir enn serieleiarane i blått.

Ned til Langfjorden/Træff 2 på tredjeplass er det åtte poeng, men Langfjorden/Træff 2 har spelt ein kamp mindre enn surnadalingane.

Trener Erling Fiske var fornøgd etter borteseieren.

– Eg er fornøgd med måten vi gjennomfører og fullfører denne kampen på, spesielt i og med at vi stiller med tre debutantar og eit ungt lag med lite erfaring. Vi har god kontroll heile kampen, og kunne scora fleire mål, seier Fiske, som bekreftar at laget kjem til å bli like ungt som mot Sunndal 2 også resten av haustsesongen.

Neste kamp for damelaget til Surnadal/Søya/Todalen er heime mot Eide og omegn torsdag 29. august.


Kampfakta:

Sunndal 2-Surnadal/Søya/Todalen 0-3 (0-3)

Mål:

0-1 Alice Eide Naustbakk (4.)
0-2 Marte Nes (18.)
0-3 Marte Nes (24.)

Surnadal/Søya/Todalen sitt lag (4-3-3):

Astrid Dammen Gjeldnes

Ida Ranes
Lone Kvande Brøske
Karen Grytskog Skralthaug
Andrea Eide Naustbakk

Marte Nes (Kaptein)
Ine Fiske
Julie Hagen Eide

Else Vaseng Kvammen
Alice Eide Naustbakk
Gunn Mari Våbenø

Nytta innbyttarar: Agnes Vikavoll, Emilie Brøske Rønning, Marte Strand og Kaia Nan Vikavoll.


Både Surnadal IL, IL Søya og Todalen IL er medlem av Trollheimsporten.