Dataklubben 2013-01-07 12

Data for alle

Her har vi nokre av dei som var på dataklubben i Rindalshuset på første samlinga i 2013. Fleire små problem hadde dukka opp i løpet av julehelga. Stort engasjement for å finne løysingar, og dei fleste vart løyste. Vi møtes igjen neste mandag, seier dei!

Rindal Dataklubb samarbeider med Rindal Frivilligsentral og 19 medlemmer er innmeldt i Seniornett Norge.


Rart at det ikkje er fleire som vil lære seg meir om korleis ein kan bruke datamaskina, - eller iPad og smarttelefonar.

Rindal Dataklubb hjelper dei kvarandre i staden for å legge opp kurs. Da får du den hjelpa DU treng.
Kan du ingen ting, kan du lære mykje, - kan du noko, kan du hjelpe andre attåt!

Rindal Dataklubb møtes kvar mandag kl.13:00 - 14:30 i Møterommet i Rindalshuset. Møt opp neste mandag kl.13:00!