Rindal dataklubb

Leserinnlegg:

Datahjelp til seniorar i Rindal

Meir enn halvparten av dei som deltok i ei spørjeundersøking i regi av Seniornett Norge, oppgir at dei har mindre kontakt med familien no på grunn av korona-krisa. Dette bekymrar oss. Vi veit at barn, barnebarn og annan familie betyr mykje for seniorar, og mange pårørande er flinke til å bidra til at seniorar held seg digitale.

Arkivbilde

Mindre sosial kontakt betyr at langt fleire eldre kjenner på isolasjon og einsemd. Barnebarn kan ikkje lenger stikke innom, og turen til butikken bør vere så kort som muleg. Digitale løysingar kan for somme vere eit godt alternativ. Men når du aldri før har brukt Facetime, Messenger, Teams eller Zoom, er det mange som slit.

Kvar finn eg desse programma?
Er det dyrt?
Korleis slår eg på mikrofonen?
Og kvar er kameraet?

Dette er nokre av spørsmåla som gjerne kjem opp når vi seniorar skal ta i bruk videosamtalar for første gong.

På grunn av korona-krisa har Rindal Dataklubb midlertidig sett all møteaktivitet på pause. Vi kan ikkje sitte ved sida av kvarandre og hjelpast åt. Men fortvil ikkje, det finns fortsatt hjelp.

På Rindal Dataklubb si Facebookside (klikk her) kan du stille spørsmål, og Seniornett Norges datahjelp kan nåast på telefon 22 42 96 26, og taste 1 for datahjelp. Her kan du få hjelp til å kople deg opp på videosamtalar eller andre dataspørsmål som du måtte ha. 

Vi i Rindal Dataklubb ser fram til at vi igjen kan møtast på Rindal Frivilligsentral til hausten. Vi møtes der kvar mandag kl.13.00 – 14.30. Men inntil da kan du halde deg oppdatert gjennom Seniornetts elektroniske nyhetsbrev og Seniornett magasinet ved å melde deg inn i Seniornett Norge. (Kikk her) Der kan du også få kurs i å bruke eit videosamtaleprogram slik at du kjenner deg trygg.

Ta vare på kvarandre, hald dokk trygt heime og bruk digitale løysingar.

For Rindal Dataklubb
Ole Trygve Foseide