kløvvegmarsjenNY_350x234

Datoen klar for Kløvvegmarsjen

Alle som begynner å planlegge turar i sommar, bør merke seg at Kløvvegmarsjen 2011 blir den 13.august. Turen går frå Vindøldalsvegen(Øykjedalen) til Røsta, og den er med i programmet for Norsk Vandrefestival. Ein variert tur på cirka fem timar inkludert gode pausar.
- Vi trur det blir ein kjempedag: Hestar, Nils Røv fortel undervegs, Røsta har salg av god mat (enten ein går Kløvvegen eller kjem dit lell). Og det skal ikkje forundre oss om dagen blir avslutta med trekkspel og fullmåne over stølen, melder komiteen.