Demonstrerte mot Tenestedirektivet

(19.4.07) Det er vel mer et presseskriv enn et leserinnlegg, fra Nei til EU i Møre og Romsdal:

AP-landsmøtet: Ungdom mot EU aksjonerte mot Tenestedirektivet.

 

Da delegatane på AP-landsmøtet var på veg inn til opninga, blei dei møtt av Ungdom mot EU. Organisasjonen kravde ei grundig konsekvensutreiing av Tenestedirektivet, under mottoet ”Ikkje kjøp katta i sekken”. 

 

”Tenestedirektivet er eit langt og omstendeleg dokument, med mange uklare formuleringar. For eksempel kan det sjå ut som om regjeringa si viktige tiltakspakke mot sosial dumping kan bli hindra. Mange fryktar og at tenestedirektivet kan skade lærlingeordninga,” seier Tore Syvert Haga, leiar av Ungdom mot EU.

 

Tenestedirektivet er det mest omstridde EU-direktivet nokosinne, og kjem til Noreg som ein del av EØS-avtala om ikkje vetoretten blir brukt. Viktige organisasjonar som LO, YS, KS og Utdanningsforbundet har kravd ei grundig konsekvensutreiing, og vil ikkje utelukke bruk av vetoretten.

 

AP sine regjeringspartnarar SV og SP jobbar hardt for konsekvensutreiing, men møter motbør frå AP-leiinga. Dette til tross for at både AUF og fleire fylkeslag i AP har kravd ei grundig konsekvensutreiing. ”Eg kan ikkje forstå at nokon går mot ei konsekvensutreiing. Er dei redde for å få fakta på bordet?, ” spør Haga. ”Her gjeld det å ikkje kjøpe katta i sekken”, avsluttar han.