Jv KORET_690x590

Kulturkveld tysdag:

Den 33. «Jonsvaka» i Åsskard

På sjølve St.Hans-dagen, tysdag 24. juni, inviterer Åsskard Kyrkjekor til årets «Jonsvaka». Og som vanleg blir den årvisse kultursamlinga prega av meditativ tonekunst med dempa lys i vakkert kyrkjerom. Kort sagt: Ein stemningsfull kveld!

Programmet «Frå stavkyrkjetonar til ny musikk» blir formidla av Sigrid Vetleseter Bøe, organist Bernt Bøe og spellmennene Odd Sonntag og Trond H. Saltnes saman med koret.

    Ideen med «Jonsvaka» - ein tradisjon som i vår tid starta i Åsskard i 1982 - er å gjenskape St.Hans som folkeleg kyrkjefest – slik det starta i mellomalderen.  

    Kvelden er to-delt. Bernt Bøe innleier med biletkåseriet «Mellom linjene». Han og forsamlinga vil jakte på skjulte gullkorn i bibel og salmebok, kyrkje og kjøken. Kva betyr eigentleg «Hokus-pokus-filiokus»? Kva slekt hadde Petter Dass i Stangvika? Kva dameforhold fekk salmisten Kingo til å skildre Sunndalsfjella? Og kvifor lagar vi kanelruter på grauten?

    Etter ein kaffepause vil musikarane gjenskape stemningar frå ulike tider og livsfaser. Vi hører gregorianske tonar, folkemusikk og store klassikarar som Bach og Mendelssohn. Sigrid Vetleseter Bøe syng arier frå Handels «Messias» og Vivaldis «Gloria».

    Til avdukinga (2009) av bautaen over omkomne sjøfolk laga Åsskard-organisten eit lite requiem – «Til minne». Dette blir no framført i ny versjon for kor, solist, piano og strykarar.

    Den musikalske sommarkvelden i avsluttast med korsong og felespel på kyrkjebakken.

 

2014 Jonsvaka Plakat FORMINSKA_690x935.jpg