
Den beste løysinga
Vi må kjempe for den beste løysinga!
Kommuneleiinga i Surnadal og Sunndal skal seinare denne månaden til Molde i høve Todalsfjordprosjektet. Der skal dei møte representantar for fylkeskommunen og Statens vegvesen (SVV), for å finne ut «…om det er noe i debatten den siste tida som tilsier at vi bør stoppe opp og ta nye utredninger» (B. Brøske til AA 8.12).
Dette såkalla skjebnemøtet for trasévalet, er etter mi meining berre ein ny episode i det som meir og meir liknar ein farse, med fastlåste tunnelpolitikarar i hovudrollene, kommunestyra og pressa som statistar og vi innbyggjarane som eit stadig meir undrande publikum.
For: No skal altså vi (kommunane) spørre dei (fylkets samferdselsutval og SVV) om det er noko nytt! Sjølv om svaret deira bør vere gitt, i og med at vi veit at desse same instansane i eit møte 21. november oppsummerte stoda med at vegvesenet «… ansåg seg som ferdig med oppdraget.» og samferdselsutvalet «…fulgte opp vedtaka fra kommunene Surnadal og Sunndal, og går for Alt. 1 Trollheimstunnelen.» Sitata er henta frå varaordførar Nyheim i Surnadal, som òg er fylkespolitikar i samferdselsutvalet.
Eg tillèt meg å tvile på at SVV og fylkespolitikarane har brukt julestria til å tenkje ut så mykje nytt. Så her verkar det som om tunnelforkjemparane brukar Molde som sitt Svarrabærje’: «Ska’ vi utgrei’ na brua aill’ tala’ om, hæll ska’ vi lætt det varra?».
Politikarane våre strevar tilsynelatande med å innsjå at det er vi sjølv som må kjempe og stille krav til dei for å få utgreia og realisert den beste, ferjefri løysinga, som ikkje er hefta med alle ulempene til denne håplause langtunnelen politikarane våre av ein eller annan grunn er så bergtekne av. Og dette skal vi sjølvsagt kunne kreve utan at det rører noko ved prioriteringa av sjølve Todalsfjordprosjektet. Det står sterkare enn nokon sinne, ikkje minst med Halsa-brua i det blå. Og med ei betre løysing som fleire, i eit større omland står bak, vil det få ytterlegare gjennomføringskraft! Surnadalsordførar Mons Otnes må ta lærdom av Orkidé-leiar Mons Otnes, som iht. framdrifta på Halsa-brua understreka viktigheita «…av å sette trykk på både veimyndigheter, fylkesting og videre oppover i det politiske systemet.» (TK 17.12).
Det er altså vi som i Molde må fortelje dei om alle dei vektige momenta som gjer at fleire og fleire innser at brualternativet er det alternativet som i tillegg til å knyte Surnadal og Sunndal betre saman, gir heile regionen ei transporteffektiv, kostnadseffektiv, miljøvenleg og framtidsretta samferdselsløysing.
Kommuneleiinga har dessverre ikkje innfridd brugruppa sitt ønske om å delta på Molde-møtet, men argumenta skulle vere godt kjende frå diskusjonane den siste tida. Likevel – i frykt for at dei kanskje kan ha oversett eller ikkje heilt forstått nokre av dei – tillèt eg meg å kome med ei sekspunkts momentliste for Otnes/Refstie til Molde-møtet, for å hjelpe dei med å skape forståing for at vi no snarast muleg må skrinlegge Trollheimstunnelen – og sette fullt trykk på brualternativet:
-
Vi har undervurdert kor viktig ein ferjefri Kvennafjord er for fleire enn Surnadal og Sunndalsøra, som t.d. Ålvundfjorden, Tingvoll og Kristiansund. Difor innser vi at den 36 km lange omvegen Trollheimstunnelen medfører samanlikna med brualternativet, for reiser tur/retur Surnadal-Ålvundfossen, er uhaldbar å dra med seg inn i ei samferdselframtid kor raske og effektive transportløysingar for næringsliv og innbyggarar blir stadig viktigare.
-
Eit hovudmål med ferjefri Kvennafjord er eit døgnope Nordmøre, og i den samanheng innser vi at det er uhaldbart at 90 % av vegen mellom Surnadal og Sunndalsøra, i tilfelle realiseringa av Trollheimstunnelen, vil gå i tunnelar utan reell omkøyringsmulegheit ved planlagte eller uventa tunnelstengingar. Brualternativet gir i naudsfall omkøyringsmulegheit forbi tunnelen, og det vil i tillegg halde strekninga Surnadal-Rykkjem/Ålvundfjord open for mjuke trafikantar, samt framleis muleggjere grendasamarbeid over Kvennafjorden.
-
Vi er bekymra for dei øydeleggjande konsekvensane hovudvegen, det enorme steindeponiet og tunnelen vil ha for Todalen iht. jordbruk, miljøprofil, verna lakseelv og reiseliv, og vi innser at brualternativet òg har ein miljøprofil som er langt å føretrekkje.
-
Vi ser frå SVVs eigne modellar og erfaringar frå andre tunnelbelasta område i landet, at dei årlege vedlikehaldskostnadane for Trollheimstunnelen blir fleire millionar kroner høgare enn for brualternativet. Vi er sterkt bekymra for at denne ytterlegare tunneliseringa av området vårt, med tida vil redusere standarden på resten av fylkesvegnettet vårt ytterlegare.
-
Vi har tidlegare vore av den oppfatning at innbyggjarane i kommunane våre har stått samla bak Trollheimstunnelen, men vi ser av mange lesarbrev og over 2240 underskrifter på www.trollheimsbrua.no at oppslutninga om brualternativet er stor og sterkt veksande i heile regionen.
-
Vi har tidlegare vurdert skilnaden i kostnadar mellom langtunnelen og brualternativet til 400 mill. kroner. Vi innser no at denne vurderinga er gjort på feil grunnlag. Dersom vi brukar samanliknbare tal for begge alternativa er skilnaden i SVVs grove kostnadsanslag på rundt 10-15 %, og gjer vi ei fullstendig kost-/nyttevurdering for heile livsløpet er brualternativet truleg langt meir økonomisk. Vi innser òg at finansieringsgrunnlaget til brualternativet er meir solid, i og med at dette har større regional verdi/oppslutning og trafikkgrunnlag.
Ordførarane våre må no ta heilheitsansvar og føre oss ut av dette uføret! Dei må innsjå at rett retning ved dette viktige vegskiljet ikkje går via den feilslåtte og unødvendige langtunnelen. Dersom dei evnar å presentere dei gode argumenta våre med tyngde og overtyding på møtet i Molde, har eg stor tillit til at fylket og SVV vil vere lydhøre og støtte oss i synet på at brualternativet er den løysinga vi alle no må samle oss om.
Det vil vere ei god nyttårshelsing til både trafikantar, næringsliv, vegeigar, skattebetalarane og – viktigast – regionen Nordmøre.
Trond Skogseth
PS: Viss du støttar arbeidet med brualternativet og enno ikkje har skrive deg på støttelista, kan du gjere det på denne lenkja: http://sites.google.com/site/trollheimsbrua/home/underskrift