
Den politiske strukturen vart utsatt
Strukturkomiteen, som har kome med dette forslaget og mykje anna omkring råd og utvalg i Surnadal kommune, fekk ein del kritikk for sitt arbeid. I formannskapet la rådmannen fram dette utan anna inntilling enn den frå strukturkomiteen.
Lilly Gunn Nyheim (Ap) meinte klientutvalet måtte oppretthaldast og Palmer Vikan (KrF) var svært skeptisk til å legge administrasjonsutvalet inn under formannskapet og antyda kanskje det ville kome eit framlegg om utsetting.
Stig Sæther (H), som har sitte i strukturutvalet, tok seg ikkje nær av kritikk. - Det vil gå bra med 23 representantar i kommunestyret også, og ved å legge administrasjonsutvalet inn under formannskapet er det ei oppløfting av dette, meinte han.
Lilli Husby (Ap) ville ha 27 representantar i kommunestyret som i dag.
Palmer Vikan foreslo ei utsetting og fekk fleital for det med 5 mot 2 stemmer. Saka skal til kommunestyret for endeleg å bli avgjort. Med ein reduksjon av talet på kommunestyrerepresaentantar håpar Surnadal å kunne spare noko.
Til høgre ser vi ordførar Mons Otnes (Ap) (frå venstre), settevaraordførar Ingebrigt Moen (Sp), Lilly Gunn Nyheim (Ap) og Lilli Husby (Ap).