
"Der ingen kunne tru" i Lomunda grendahus
Da publikumstalet passerte 100, måtte ein inn med ekstra stoler og bord i Lomunda grendahus i dag. At tidspunktet for arrangementet var kl. 11 på laurdags føremiddag viste seg ikkje å vere noka hindring, for her gjekk folk mann av huse for å få med seg foredraget til den kjende sunnmøringen og TV-kjendisen.
Oddgeir Bruaset er på foredragsturne i samband med at han no har gjeve ut den tredje boka si. Dette bildekåseriet, som i dag vart rindalingane til del, skal han halde 75 stader rundt i landet no i haust, med start i Trøndelag.
NRK-kjendisen er kjent og kjær for mange etter alle ”Der ingen kunne tru at nokon kunne bu”- programma på fjernsyn, program som i snitt har hatt ein million sjåarar.
No i haust blir nye program i serien viste på TV, og han har sagt ja til å lage enda seks nye program som kjem på skjermen i 2014. Men da er det definitivt slutt, etter tolv sesongar og etter å ha vitja 72 stader.
Bruaset har møtt mange interessante menneske som kvar for seg har gjort sterkt inntrykk. I dette kåseriet tek han oss med til tre ulike stader.
Først til Lysvatnet i Åfjord i Trøndelag, til Klara og Einar Kårstad, som har vel ei mil til næraste nabo i alle retningar. Vi får høyre om Einar som lærde å slå med ljå da han var 7 år og seinare gjekk etter far sin i skårgangen, om umenneskeleg slit og ungar som måtte bort for å gå på skule. Men no står ein ny generasjon klar til å ta over den avsidesliggande garden ved Lysvatnet.
Deretter går vegen til Måløyvær i Troms, der 77 år gamle Olaug Pettersen er einaste attverande. ”Ingen veit kor eg har slite!” seier ho, med 6 ungar og ein mann med dårleg helse og som var mykje borte frå familien.- Men ingen får henne derifrå, for der har ho tre graver å gå til og passe. To søner har ho mista på havet.
Til slutt blir vi med tl Alvdalen ved Voss der Per Bjørvik bur med si demente kone, Margot, på ein einsleg gard. Når Margot til sist må på sjukeheimen leiger Per for eigne pengar inn hjelp som kan ta seg litt ekstra av kona, ta henne med ut i naturen som ho er så glad i, gå turar med henne, snakke med henne, - det travle sjukeheimstilsette ikkje finn tid til.
Kven har nøkkelen til livslukka?
Er desse menneska som har valt å leve slike liv bygdetullingar eller bygdeoriginalar? spør Bruaset.
Kanskje er det nettopp desse, som har hoppa av karusellen og har valt å leve eit enklare liv, som verkeleg er i stand til å kjenne gleda over å vere sjølvhjelpen, gle seg over å skape ting sjølv, vere i livet, i naturen.
Kanskje er det nettopp dei, og ikkje vi som har funne nøkkelen til livslukka?
Etter kåseriet vart det servert risengrynsgraut, kaffe og noko attåt frå eit bugnande kakebord I Lomunda grendehus. Og folk koste seg og gav seg god tid. Ingen reiser svolten frå Lomunddalen!
Skjegget gror godt både på sunnmøringar og lomunddalingar! Even Svanem ønskte Bruaset og publikum velkommen til Lomunda grendahus i dag.
Over 100 hadde teke turen til Lomunddalen i dag.
Etter kåseriet vart kø for å kjøpe bok.
Olav Helgetun og Ola Aune sikrar seg bok signert av forfattaren.